2. september 2010

Rapport frå ein halvgått festival

Dag 1:
Eit rom på Seilet hotell i Molde. Godstolen snudd mot vindauget, mot fjorden, dei kvite ferjene som glir forbi, i kvar sine retningar, i det grå. Regnet mot vindauget og bølgjene som plaskar nedanfor. Ein pause før den første opplesinga klokka ti i kveld. 

Bjørnsonfestivalen er i full gang. Vi er omtrent midt inne i han, middagstid torsdag, eg har vore her i to dagar og har unnagjort to av dei fire arrangementa mine. Tysdagen blei ei fin opplesingsstund oppe i Skybaren (ja, les det på norsk, du) på Seilet hotell. Der ute låg mørkret og lysa, den låge, langstrekte gassferja gleid lydlaust gjennom det svarte, med vindauge som lyste gule, som ein ufo.

Sigbjørn Løvåsen, vinnaren av årets Bjørnsonstipend - velfortent, vil eg tilføye - blei intervjua om forfattarskapen sin og las frå dei tre romanane han har gitt ut. Etterpå var vi fire vaksenbokdebutantar som las: Berit Rødstøl (Himmelreisande, roman, Samlaget), Tina Åmodt (Anleggsprosa, kortprosa, Kolon), Anne Viken (XXX, diktsingel, Flamme) og eg. Det blei seint før det blei min tur, merksemda mi gleid rundt i rommet, dei som såg på, andleta deira, glas som klinka mot kvarandre i halvmørkret, svartnatta utanfor, ein som såg ut som han sov. Eg heldt meg fast i teksten, registrerte alt omkring meg.
Då eg las gjennom den same teksten nokre dagar etterpå, hugsa eg alt: der la eg merke til ein mann som lente seg mot baren, der såg eg nokon skåle mot kvarandre, der fann eg andletet til ein meddebutant i rommet.

Onsdagen gjekk med til eit langt og hyggeleg intervju med Sunnmørsposten og til å høyre på andre sine opplesingar og musikk. Amnesty har gitt ut antologien Akkurat nå! med tekstar av 19 forfattarar og skribentar og Hilde Myklebust, Pedro Carmona Alvarez og Lars Ove Seljestad las sine bidrag, ein veldig fin seanse. Seinare var det opplesing i ein privat heim her i Molde. Fantastisk hus og fantastisk oppvartning, med vin, kaker og kaffi, og tre fine opplesingar av Pedro Carmona Alvarez, Marte Huke og Tomas Espedal. Eg avslutta kvelden med Jan Erik Vold og Knut Reiersrud, som framførte dikt av Henrik Ibsen, Inger Hagerup, Olav H. Hauge, Rolf Jacobsen og Tarjei Vesaas. Nydeleg arrangement.

I dag starta eg dagen med skulebesøk på Molde vidaregåande, som var fint, og om nokre timar skal eg vere innleiar på dagens kritikarsalong om Maria Parr og løyndomen bak hennar store suksess. Så blir det nesten eit døger fri, før eg skal vere med på det som blir hovudarrangementet for min del, der eg får mest tid til å presentere arbeidet med boka, nemleg 'Vi er alle minoriteter', som tek utgangspunkt i Bjørnson sitt arbeid for undertrykte i Europa.

Men no: lunsj.

Ingen kommentarer: