9. september 2010

Eit stort, audt landskap

Finst det noko verre enn einsemd? Finst det noko verre å kjenne, leve i, finst det noko verre å innrømme?

Man burde ikke være for lenge alene. Man burde ikke ligge slik i mørket og slå armene rundt seg selv. Morgenen kommer. Navnene kommer tilbake og dagen begynner. Dagen begynner med den første setningen: Man burde ikke være for lenge alene, uten alder, uten navn.

(Tomas Espedal: Imot kunsten)

Einsemd er ein av dei siste tabuane, noko skammeleg, noko hemmeleg, noko stakkarsleg. Ein treng ikkje vere åleine for å kjenne einsemda, ein kan kjenne henne saman med andre. Er ho verst når ho kjem til den eine parten i eit parforhold, til det eine medlemmet av ein familie, til eit tilsynelatande vellykka og lykkeleg menneske, til nokon som burde kjenne seg heil? Eller er ho verst når ein er åleine, når ein veit at ein ikkje har nokon, er fullstendig og gjennomgripande einsam. Er ho verst då? Når ho ikkje kan vekkforklarast?

Det er noko svært modig og sterkt i å innrømme einsemda. Det er lite som grip meg så sterkt som einsemd. Vi veit alle kven ho er, vi har alle treft henne, ein eller annan gong, forhåpentlegvis sit ho ikkje i oss som noko konstant, forhåpentlegvis viser ho seg berre i glimt, lik for oss alle, før ho forsvinn igjen.

ensomhet er en
busemann små barn
plukker ut av

nesen og siden har
vansker med å få 
plassert fra høyre

pekefinger til 
venstre tommeltott
til høyre håndflate

til venstre hånds
fingre igjen den vil
ikke av settes

av så ingen ser 
det under bordet
under stolen under

bukselåret den 
slipper ikke må
knipses vekk 

(Jan Erik Vold: HEKT)

Ingen kommentarer: