2. august 2010

Køyr, brems, køyr!

Eg sit no her og heng
Det krevast ein eigen arbeidsstamina når ein driv på i denne bokbransjen: Låggir, høggir, stopp, låggir, høggir! Stopp. Og vent.

Etter eit år på låggir, avbrote av svært korte periodar på høgare gir, deretter stopp, såg låggir att, er det berre å innstille seg på å gire kraftig opp når mai nærmar seg og ein skal ha haustbok. Då må ein kvine framover, før ein bråstoggar, står stille og ventar, rusar motoren kan hende, og deretter gir full gass igjen, før ein atter bråstoppar både ein og to gonger i løpet av sommaren.

De får unnskylde bilmetaforen, eg aner verkeleg ikkje korfor eg, av alle, bruker bilmetafor, eg som verken har lappen, liker bilar eller har særskilt peiling på motorisert køyrety. De får bere over med meg.

No har eg akkurat sendt frå meg 2. korrekturen på ei bok som bør vere ferdig trykt innan ein månad. Ikkje veit eg korleis slike ting fungerer, kor raskt eit trykkeri kan arbeide når dei først har alt dei skal i hende, men det heile er frykteleg nervepirrande, for eg håper så inderleg boka er ferdig til eg skal vere fire dagar på Bjørnsonfestivalen i Molde i månadsskiftet august/ september. Grunnen til at det blir slik er kombinasjonen ferieavvikling i forlaget og ein e-post som uheldigvis blei sendt til feil e-postadresse for fjorten dagar sidan, men eg trur vi berga, eg gira opp kraftig i dag og har no sett over og sendt frå meg dei siste kommentarane.

Det blir fint, eg er nøgd. Redaktøren min har synt seg frå ei overraskande side og har teikna fine primstavsymbol som skal inn i teksten. Forlaget har òg fått skanna inn to kjelder eg har brukt som grunnlagsmateriale, fine kjelder, på gotisk, som skal bli trykte på forsatsen, kanskje også ettersatsen. Og det vakre omslaget har de jo sett, så då er iallfall det estetiske på plass.

No veit eg ikkje heilt kva som ventar. Boka skal i trykken, eg skal reise på kombinert ferie og inspirasjonstur (litterær, altså, ikkje noko new age-greier) til Finnmark og ikkje kome attende til Oslo (så framt ikkje noko særskilt skjer) før veka før den store haustlanseringa til Samlaget 24. august, der eg skal lese på pressekonferansen om morgonen. Tre minutt har eg til rådigheit. Skal tru kva eg skal velje? Noko spennande? Noko 'informativt'? Noko poetisk? Kva ville de like å høyre?

Og så byrjar bokhausten, med alt den måtte innehalde og innebere av farting, opplesingar, bokmeldingar, kanskje eit intervju? Og livet blir høggir, stopp, vent, høggir, stopp, vent, og slik går no dagan og hausten. Eg gler meg, eg gler meg ikkje, eg gler meg.
Stopp. Vent.

7 kommentarer:

Unknown sa...

Tenk om dine bøker blir oversatt til svensk. (Det er jo ikke så usannsynlig.)
Men tror du ikke svenskene humrer litt av at de utgis på "samlaget"?

Elen Fossheim Betanzo sa...

Jeg ville ha hørt noe poetisk, definitivt, der er du så bra. Men det er jo en pressekonferanse, og journalister er jo ikke så poetiske av seg, de vil bare vite to ting: 1) hva handler det om, og 2) bør vi skrive om det. Hva med noe poetisk som inkluderer 1) og 2)?

Aina Basso sa...

Geir:
Jau, det humrar dei nok av. Men om bøkene blir omsett til svensk vil dei også bli utgitt på eit svensk forlag, og eg tviler på der finst noko som heiter Samlaget over hos söta bror ;)

Elen:
Takk for rådet! Eg skal sjå om eg finn noko.

Avil sa...

Eg likar deg veldig godt når du er poetisk.

Eg likar deg tilsvarande godt når du er underfundig, men det tek me heller over eit glas vin.

Aina Basso sa...

Takk, søte Avil. Gler meg til det glaset vin, så skal eg sjå om eg får skrota opp noko passe poetisk utan at det blir dritkjedeleg for dei stakkars journalistane.

heklehatt leser sa...

noe poetisk! helt klart. når man er på slike tilstelninger og noen ord når inn... Ingenting slår det. Fy søren, så spennende det blir! gleder meg veldig til å se, høre, lese boka di. Nå er den her snart!
klem h

Aina Basso sa...

Takk for det, søte H! Eg har enno ikkje bestemt meg, men har testa korleis det funkar å lese opninga. Testpanelet meinte det fungerte godt, men dei er ikkje heilt uhilda, så vi får sjå. Enno ei knapp veke att!