30. august 2010

Bøker, ballar, Bjørnson

Det blir mindre aktivitet her inne for tida. Eg er stressa, gira, forkava, full av adrenalin og små gummiballar som sprett rundt inne i kroppen.

Sidan eg kom heim frå ferie har det gått i eitt. Eg har snakka med journalistar, blitt fotografert (noko eg ikkje er glad i), lese på haustlanseringa til Samlaget, førebudd meg til fire oppdrag på Bjørnsonfestivalen i Molde, som eg reiser til i morgon, fått tilbod om fleire oppdrag, nokre takkar eg ja til, nokre ikkje. I dag var eg med på pressekonferansen til Oslo bokfestival, der eg las i ein trikk full av kjende forfattarar, musikarar og pressefolk, hadde mine fulle hyre med å halde meg fast i ei gul stong medan trikken svinga seg gjennom oslogatene, og blei løna med eit tosekundsklipp frå opplesinga mi i dagens Kulturnytt på P2. Eg har fått vite at boka mi no er i bokhandelen, folk har endåtil kjøpt henne, det kjennest absurd, men bra, å, så bra! No er pulsen høg, eg kjenner stresset stramme musklane i bringa, kjevane, dei små i magen, men lykkekjensla er der, er konstant. Denne hausten vil bli intens, opp og ned, ustabil. Eg håper han blir bra, òg, at det går som det skal, alt.

Og forresten: eg har sjølvsagt halde og lese i mi eiga, nye bok. Ho er blitt så fin. Eg er så glad.

2 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Ikkje rart det boblar og klør. Dette er jo så spennande!

Omslaget er kjempefint. Eg kjem til å sjå boka med det same eg er innanfor døra til ein bokhandel.

Gler meg til det.

Aina Basso sa...

Kjekt å høyre!
Eg er også veldig nøgd med omslaget.