29. juli 2010

Vinden

Solnedgang frå Giske
Sommar på Giske er sol og vind. VIND.
Slik vind som høyrest ut som ein motor i den smale glipa i soveromsvindauget. Slik vind som durer og uler og bankar og slår. Slik vind som har kulde i seg, nordavind. Slik vind som kjem på dei finaste dagane, dei dagane med sol. Slik vind som suser kraftig i granene.

Sommar på Giske er den lunaste kråa, er ei av bøkene frå kofferten, er mamma sin gamle åttitalsbikini med lås som sprett opp om ein bøyer seg for langt fram og difor berre eignar seg til verandasoling, ein slik bikini som ser teit ut på stranda, men som er perfekt om ein vil ha minimalt med skulderskilje.
Sommar på Giske er mamma sin umoderne caps på hovudet, er å bikke solstolen så langt bak han kjem, halde boka i eine handa på armlenet, eller legge seg heilt ned på verandagolvet, kome så langt inn i teksten og verda der inne.
Sommar på Giske er fuglar og gras og sjø, er fjell og tre og hestar, er folk og fisk og digre, rosa festivalkyr som veltar i vinden.
Sommar på Giske er festival. Sommar på Giske er Sommerfesten - www.verdensbestefestival.no. No i helga. Gjett kven som gler seg. Og håper vinden løyer til laurdag, at han blæs vekk alle skyer, lèt sola gå ned i havet som på biletet, som ho gjer her ute dei aller finaste nettene.

Ingen kommentarer: