22. juli 2010

Ein reell distinksjon?

Ein brøkdel Carolyn Keene
I gårsdagens Aftenposten stod ein kommentar med tittelen 'Smart serielitteratur som oppfyller drømmer' av Mette Hofsødegård på trykk. Ho skriv om den svært populære serielitteraturen som barn og unge har slukt og elska så lenge han har eksistert.

Det er den følgjande setninga eg bit meg merke i: 'Serien som sådan fremheves, mens forfatteren er uinteressant.'

Dette kjennest veldig sant utifrå mi eiga erfaring. Eg tenker tilbake på mi eiga barne- og ungdomstid, som var prega av intens og massiv lesing av bøker innan dei fleste sjangrar. Og medan eg oppsøkte stadig fleire bøker skrivne av til dømes Astrid Lindgren, Anne-Cath. Vestly, Maria Gripe, Agatha Christie eller Lucy Maud Montgomery, var eg ikkje interessert i øvrige bøker skrivne av Carolyn Keene (andre enn dei som høyrte til serien om 'Frøken detektiv'), og kven som hadde skrive bøkene om tvillingane ved Sweet Valley High eller serien om Hardy-guttene veit eg ikkje til dags dato.

I serielitteraturen er det serien som er det viktige, det er personane frå serien som verkeleg lever, ikkje den (eller dei) som har dikta dei opp, og ein serie som fortset og fortset vil etter kvart fange fansen på ein slik måte at dei aldri vil serien skal slutte, personane må leve vidare og vidare og vidare. Men kven forfattaren er gir dei blanke i, mange av dei hugsar sikkert ikkje ein gong namnet som står på omslaget. Og det er jo kanskje ein fin ting, med litteratur som blir så levandegjort? Slik gjer det jo iallfall ikkje noko at det ikkje finst ein verkeleg forfattar bak ein del av desse seriane, men fleire forfattarar skjult bak eit pseudonym, noko som er tilfelle med til dømes Carolyn Keene og Helene Holst-Hammerfeld (som er pseudonymet som skjuler Anne B. Ragde, May-Grethe Lerum og Trude B. Larssen).

Men så finst der unntak. Vi veit alle godt kven som har skrive Sagaen om Isfolket, og for dei av dykk som har lese serien (og truleg elska han, etter alt å døme - eg las han aldri og bestemte meg deretter for at den tid var forbi då eg bikka tjue) har det sikkert bidrege til at fleire av dykk har oppsøkt andre seriar ført i pennen av Margit Sandemo, som til dømes den nokså populære serien Heksemesteren (om eg hugsar rett). Det same gjeld sikkert Frid Ingulstad og nokre av dei andre dronningane innan underhaldningslitteraturen.

Ingen kommentarer: