14. juni 2010

I morgon?

I tenåra tenkte eg meir på framtida enn på notida. Det var i framtida det skulle skje, alt saman. Alt eg lengta etter og drøymte om. Eg la meg om kveldane og det sitra i meg: kanskje i morgon! Kanskje denne sommaren?

Det handla ikkje berre om kjærleik. Det handla om kva eg skulle bli. Kor det skulle bli av meg. Kven eg ville vere om ti, tjue år. Eller om eitt år. Noko eg fantaserte mykje om var å bli forfattar. Nokre av yndlingsbøkene handla om ei jente som heitte Anne (frå Bjørkely) og ho blei forfattar. Eg var djupt inspirert.

Eg tenkte på kva slags utdanning eg skulle ta. Eg visste ikkje så mykje om utdanningssystemet, men at eg skulle reise vekk for å gå på skule var sikkert, særleg etter at eine broren min hadde ein kjærast som studerte på universitetet. Eg beundra henne grenselaust for det. Alle som gjekk på universitetet var jo geni, det var eg overtydd om (noko alle vi som har gått på universitetet veit at ikkje er i nærleiken av å stemme). Ei stund ville eg bli arkeolog. Eller egyptolog, eller folklorist. Alle desse yrka som høyrtest eksotiske og ugjennomtrengelege ut. Eg sat i sofaen og bladde meg sakte gjennom studiekatalogen. Alle faga ein kunne ta! Alle –logar, –istar, –ofar eller –karar ein kunne bli!

Etter vidaregåande jobba eg i bokhandel. Der skjønte eg fort at eg hadde gått glipp av noko essensielt: eg hadde ikkje lese ’Naiv. Super’ av Erlend Loe. Eg skunda meg å lese og visst lo eg godt. Men eg undra meg, òg. Boka handla om ein ung mann som avbraut hovudfagsstudia sine ved universitetet for å kaste ein ball i veggen eller banke klossar ned i eit bankebrett. Bankebrett! Hovudfag! Kva var det? Korleis var det å vere så vaksen (25 år) og velutdanna? Korleis var det å vere ein person (forfattar) som hadde kjennskap til livet til ein hovudfagsstudent (geni) som avbraut (!) hovudfagsstudiet? Der og då byrja eg å drøyme om å ta hovudfag i noko. Same kva.

Framtida har òg verka ein smule skremmande. Eg har alltid hatt eit særleg talent for å bekymre meg for idiotiske ting. Sommaren mellom 3. og 4. klasse bekymra eg meg til dømes intenst for at eg ikkje kunne å sy på maskin. Så for å ikkje dumme meg ut tvinga eg mamma til å lære meg det i løpet av sommarferien, og blei slik den einaste ti-åringen på Giske barne- og ungdomsskule som allereie kunne det då undervisninga starta den hausten.

Slike unødige bekymringar har livet mitt vore fullt av. Hadde eg berre visst kor lite det skulle bety, alt saman! At eg ikkje fekk lese til den norskprøva i 2. klasse på vidaregåande. At eg ikkje visste kva eit ’paradigme’ var før eg byrja på universitetet. At eg ikkje skjønte korleis eg nokon gong skulle lære ’å tenke sjølv’, som var eitt av måla med studia.

No tenker eg stadig mindre på framtida. Framtida er her allereie. Det er desse timane, desse dagane, desse åra som er mitt liv.

Eg las ein gong eit intervju med ein forfattar, som sa at det som hadde skjedd ettersom ho blei eldre var at ho var nokre erfaringar rikare og nokre illusjonar fattigare. For min del har det vore annleis. Det er bekymringane eg har mista på veg hit. Det er jo ikkje nokon vits uansett. Anten går det eller så går det ikkje. Men som oftast går det.


Laurdagsspalte i Nationen 12.06.2010

1 kommentar:

Gunhild sa...

Så fint sagt! Rart hvordan det som fremsto som helt uoverkommelig fremmed og flott, viser seg å være ganske ordinært når en kommer dit. Og rart at det ordinære kan være så flott, bare en legger merke til det.