13. mai 2010

Men... kva no?

Plutseleg er det over.
Det einaste som gjenstår er formelle ting: Språkvask, korrektur, trykking. Men kva skal eg gjere no? Kva skal eg skrive om?

Det slo meg plutseleg i dag. Éin del tomheit, éin del lette. Eg er ferdig med å skrive romanen, eg har plass til noko nytt. Men kva? Etter å ha jobba intenst med eit manus i over eitt år har eg plutseleg skrivetomme dagar. Eg kjenner suget etter å fortsetje, etter eit nytt manus, men kanskje har eg godt av å kvile litt? Lade opp?
Jau, eg trur det. Eg skal ta fri frå skrivinga ei stund. Med eit håp om at alt deretter skal klarne.

5 kommentarer:

caterina sa...

Den store tomheten etterpå. Fin og fæl på samme tid. Fint at du tar skrivepause. Det kommer noe etterpå. Garantert. :)

Aina Basso sa...

Takk, du verkar så overtydd og overtydande at eg trur på deg!

Avil sa...

Eg blir kald i magen ved tanken på at eg om eit år er same staden som du er no. Og så trur eg ikkje det varer så lenge. Ikkje for deg, ikkje for meg.

Lille søster sa...

Ta deg en pause, det har du jammen fortjent. Gjør noe som er gøy og avslappende!
Selv har jeg ikke skrevet en eneste bokstav skjønnlitteratur etter at boka mi var ferdig før jul. Jeg har flere prosjekter liggende, men må ha litt ro først.
Gleder meg veldig til å lese boka di!

Aina Basso sa...

Avil:
Litt deilig, også, med rom for nye ting. Kanskje ei tid for å leike litt? Skrive litt meir på måfå, utforske noko nytt eller kanskje berre ta ein pause?

Lille søster:
Takk for det - og gratulerer med boka, som har fått så fine omtalar. Eg har ikkje lese, men det skal eg. God skriving, når pausen er over, og god pause enn så lenge.