18. mai 2010

Hest er best, ingen protest

Niesa mi har fått seg hest. Ein stor ein. Ein diger, brunsvart hest, som luktar hest og som skin i pelsen, som har lang, svart man og lugg som kan flettast. Allereie før han kom til gards var hesten eit samlande familieprosjekt. Bestefedrane hjelpte til med å bygge ny stall, sidan den nye hesten er altfor høg for den vesle stallen som høyrer til den hundre år gamle løa vår, og etter at hesten kom har heile gjengen vore oppom kvar for seg, fleire gonger for dag, for å sjå til at alt går bra. Så langt ser det fint ut. Hesten grasar fredeleg oppe på løebakken. Av og til sluttar han å ete ei stund og myser utover det nye landskapet, spenner ut øyra, lyttar: Fjellet, markene, sjøen. Ungane som leikar oppe i det nye byggefeltet, ein hund som gøyr, ein bil som køyrer langsetter vegen. Fuglane i trea, måsane på løetaket. Så bøyer han hovudet og et vidare.

Med seg har hesten ein liten selskapsponni, på utlån. Den vesle ponnien er retteleg skvetten saman med den store hesten. Han vågar seg knapt inn i stallen, og viss hesten berre så vidt beveger på seg, spurtar ponnien det han maktar for å kome seg unna. Eg synest synd på den vesle ponnien og prøver å ta meg litt av han, desse dagane eg er heime. Eg rettar ut neven mot han og lèt han lukte, så forsøker eg å stryke han litt over mulen. Nokre få strøk får eg inn, før han skundar seg bort til andre sida av innhegninga. Ein gong fekk eg løfte på manen hans og klappe han ei stund. Men så kom hesten og han hasta av garde igjen. Det er ikkje greitt å vere minst.

Eg tek meg i å bli riktig så engasjert i desse dyra. Eg som aldri har vore noko til hestejente, ikkje eingong dei siste åra av barneskulen. Eg som blei kvalm av ordet ’fullblodshest’ (fordi det inneheldt ordet ’blod’) og dermed la hestebøker i karantene frå dei tidlegaste barneåra. Medan andre jenter las Penny-bladet og gjekk med Hest-er-best-smykke kring dei tynne halsane sine, las eg gamle årgangar av Starlet og jentebladet Girls. Og viss eg hadde smykke var det heller med ein katt på, om det absolutt måtte vere eit dyr (og det måtte det jo ikkje). Eg forstod meg aldri på fascinasjonen for desse enorme, luktande dyra. Fine på avstand, ja visst! Biletskjønne, særleg i silhuett mot solnedgangen – heilt klart! Men meir enn det? Neppe.

Berre nokre få gongar i mitt liv har eg prøvd å ri. To gonger på ein fjording ved namn Blesa og to gonger på islandshestar i Lilleputthammer. Der og då var det retteleg kjekt, men då det var over, var det over, og eg tenkte ikkje meir på det. Men no som vi har ein hest i garden byrjar eg å tenke stadig meir på det heile. Til sommaren, kanskje, tenker eg, og visualiserer meg sjølv hoppe elegant opp på hesteryggen og galoppere grasiøst oppover markene med flaksande lokkar. Deretter innhentar røyndomen meg og eg forstår at 1) hesten er for høg til at eg vil klare å kome meg opp utan trapp, 2) eg kjem til å få høgdeskrekk, 3) eg kjem til å vere livredd og 4) eg kjem til å falle av og døy.

Men eg har i det minste oppdaga gleda ved silkemjuke mular og ein varm hestemage mot handflata. Og at hestetunger er mjuke og glatte, og ikkje ru som overdimensjonerte kattetunger. Kven skulle trudd.


Laurdagsspalte i Nationen, 15. mai 2010. 

4 kommentarer:

Gunhild sa...

Mulesilke... det mykeste som finnes. Og hvis du finner deg til rette på ryggen, så får du rytmeri og høre hover mot skogbunn. Det er vel verdt å overvinne skrekken...

Avil sa...

Eg har ein draum om å lære emg å ri, og om å lære meg å bruke sverd, og å fekte.

Når eg blir pensjonist, kanskje.

Fin tekst!

Aina Basso sa...

Gunhild:
Den som lever får sjå... Eg er ikkje bombesikker på at dette er noko for meg. Hesten er jo fleire meter høg.

Avil:
Ja, vent for all del til du blir pensjonist.
(Og takk for det!)

Bling - our elf on the shelf sa...

Hehehe, min datter fikk hestedilla for noen år tilbake. Selvsakt har vi egen hest, men som deg er jeg ingen hestejente... Men jeg tar bilder, masse bilder! Og jeg betaler ;))
Lykke til!