16. april 2010

Titteltrøbbel!

Som - eg heldt på å seie 'vanleg', men innser at å ha prøvd noko to gongar ikkje kvalifiserer - slit eg skikkeleg med å finne tittel på min komande roman, som (viss eg klarer å finne ein tittel?) vil sjå dagens lys til hausten.

Eg innser at tida er knapp. Marknad skal ha første innsalsmøte om ei veke, eg burde ha tittel på plass, helst burde det også vere omslag på plass innan den tid, men så langt ventar omslaget på tittelen. Eg kjenner mildt sagt presset. Per no sit redaktøren min og les manuset og sprengtenker og -leitar etter ei formulering ein stad i teksten, som på slåande vis samanfattar det heile. Kjem han til å finne henne? Eg er usikker. Sjølv har eg ikkje funne noko som verkeleg funkar. Som vanleg blir titlane mine anten 1. overtydelege, 2. vage og anonyme, 3. altfor poetiske.

Twitter har eg bede godtfolket om råd, eitt er å be følgjarane mine om forslag. Men kan eg det? Vil eg det? Kan det funke? Titlane eg allereie har kome på (som eg personleg enno ikkje har forkasta) fungerer fint i teorien, men gjennom auga til ein røynd lesar (redaktøren) sit det ikkje skikkeleg. Eg kjenner frustrasjonen kome. Dette er jo mitt ansvar! Korleis kan eg vente å sleppe ei bok ut i verda utan å vite kva ho skal heite? Er det berre i biletkunst ein kan kalle noko 'utan tittel'?

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg har sikkert fortalt deg dette før, men min tittel kom mens jeg surfet på Wikipedia om forskjellige eventyr og eventyrillustrasjoner; altså noe som hadde med diktskrivingen å gjøre, men likevel ikke direkte. Lurer på om hjernen jobbet bra akkurat da, siden tittelen bare datt ned.
Lykke til!

Unknown sa...

Hva med å kalle den for "Den vanskelige 2. romanen" ?

Avil sa...

Sleng ut nokre eigne forslag, då, så brainstormar me!

Silje sa...

- eller ta en Solstad og kalle den 2. roman, eller roman 2010?

(Du kommer nok på noe, skal du se. Plutselig. Kanskje allerede i natt)

Aina Basso sa...

Lille søster:
I natt, like før eg sovna kom eg på noko eg meinte var veldig lurt. I dagslys tok det seg noko annleis ut.

Geir:
God idé, men det skil jo ikkje mi bok nemneverdig ut frå alle andre vanskelege andrebøker.

Avil:
Har ingen gode forslag som eignar seg enno. Møte med redaktør på tysdag, skal idemyldre litt før den tid.

Silje:
2. roman 2010, eller 1. vaksenroman, 2. roman?

Avil sa...

Du kan jo satse på noko marknadsføring som blond, akademikarsexy stipendpryda ungjente som skriv historisk roman og kjærleik?

Då er det jo lurt å ha ein tittel dei lage ordspel om i pressa.

Gjerne noko med fitte.

*tipsar*

Avil sa...

Eventuelt noko med Sagaen om... eller noko med Kamp.

Det pleier selge bra.


*tipsar*

Aina Basso sa...

Å, Avil! Kan ikkje du bli marknadskonsulenten min på heiltid?