20. april 2010

Prosessen

I dag har eg site fire timar i møte med redaktøren og gått gjennom manuset, side for side, linje for linje. Vi har snakka og diskutert, ledd og stort sett vore einige.

I går fekk eg kommentarane frå den historiske fagkonsulenten, professor Ida Bull frå NTNU, kvelden før fekk eg kommentarar frå ein tidlegare kollega i Oslo byarkiv, Johanne Bergkvist, som har god kunnskap om romanifolket og romanikulturen.

Og i ettermiddag har eg byrja på den neste siste revisjonsrunden før språkvask. Eg har ti dagar på meg. Det skal gå bra. Kommentarane eg har fått er ikkje verken så mange eller så fryktinngytande, arbeidet som gjenstår er i høgste grad overkomeleg.

Det er rart å tenke på at for under eit år sidan var dette manuset berre ein idé, eit tretti siders synopsis eg diskuterte med redaktøren min over ei øl og ein kyllingburger i sola på Lillehammer. No er det eit bokmanus på 250 sider som nesten er ferdig. Stian Hole skal lage omslag, og å! kor eg gler meg til å sjå det omslaget! Men først må vi finne tittelen, og som nemnt i førre innlegget har vi til midnatt med å bestemme oss. I skrivande stund er midnatt seks timar og førtito minutt unna.
Ønsk oss lykke til!

4 kommentarer:

Midifila sa...

Juhu!
Flinke du!
Masse lykke mot mål og haust.

Avil sa...

No er eg spent på kva det blei!

Aina Basso sa...

Takk og takk!

Avil: det er eg også spent på, men ingenting er avklart enno. Den daudlinja var nok tøyeleg.

Sexy Sadie sa...

Men har du snakket med noen av de reisende?

De liker ofte dårlig at folk utenfor miljøet skal gjøre bøker om dem.