17. april 2010

Kaffi, kuplar og bakgardskattar


’Slik kan ein sitje ved ein pult i Roma og skrive,’ skriv eg i leilegheita til forlaget. Denne leilegheita dei kjøpte ein gong på åttitalet i bydelen Tuscolana i Roma, ein tjue minutts spasertur frå bymuren, i retning sør-aust. Ein triveleg bydel. Roleg, vanleg. Ein bydel folk bur i. Typisk italienske bygardar med rader av tv-antenner på taka, svarte mot kveldshimmelen og med kvitskitne leidningar som sleng nedetter fasadane, før dei blir nappa inn gjennom eit vindauge og plugga i tv-apparatet. Små balkongar bognande av grøne plantar. Skodder for vindauga, klesvask som heng på snorer utanfor glasa. Appelsintre, som framleis ber frukt frå i fjor, ein fugl som kvitrar og stripete kattar som mjauar mot meg når eg opnar vindauget.

Dei største turistopplevingane har eg saman med reisefølgjet mitt, dei dagane eg har selskap. Vi tek årets første utepils på ein murkant ved Colosseum. Det er tidleg i mars, sola skin og det luktar søtt av spirande gras. Seinare ser vi sola gå ned over byen frå Pincio-høgda. Det blir kaldare og vi står og hutrar ved utsiktsplassen med kameraet klart. Himmelen får eit svakt rosaskjer og vi siktar oss inn på kuppelen til Peterskyrkja og fyrer laus. Solnedgangen sterknar, til slutt gløder ei sky opp, før det heile sloknar og vi finn oss ein restaurant med varm mat og ein karaffel vin. Før vi går, tel vi kuplane vi ser over byen. Vi kjem til minst ti. Roma er ein by av kuplar.

Dagen etter oppsøker vi Vatikanstaten og rekk to kaffiar på fortauskafé i løpet av eit par timar. Først langs gata like utanfor Vatikanmurane, seinare i bakhagen til Vatikanmusea, med velpleia, grøne plenar som er vakta av morske menn i svarte klede, med endå fleire appelsintre det landar store, limegrøne undulatar i. I fontena bakom padlar nokre måsar rundt og rundt og vi lét auga att mot sola. Bak trekronene skimtar vi Peterskuppelen. Etter ein varm halvtime som gir oss roser i kinna og frekner på nasen finn vi vegen til det Sixtinske kapellet og står der med hovuda bakover og syg i oss det tettmåla taket til Michelangelo.

Om kveldane snakkar eg med dei stripete kattane frå vindauget. Den eine er drektig og underordnar seg den andre. Dei held seg innom eit gjerde. Dei opplever nok ikkje så mykje, stakkars, og kjem trippande med det same eg kallar på dei. Nyfikne, med auga vidopne mot mine. Så går sjefen lei, set seg på muren og byrjar slikke labben sin, men den drektige stirer framleis. Då eg let att vindauget på stova følgjer ho meg merksamt og då eg kjem fram i vindauget på kjøkenet eit minutt seinare, finn ho meg med blikket. Eg kakkar på vindauget med naglen, av ein eller annan grunn vinkar eg til henne.

Den siste dagen, åleine og sliten av obligatoriske attraksjonar, oppsøker eg den store Borghese-parken like bak Spansketrappene. Eg finn ein benk langs ein allé, blir sitjande og følgje dei mange duene med auga. Dei spankulerer rundt meg, etter ei stund blir dei så vande med meg at dei kjem heilt inntil, dei kurrar og nippar i grusen, grå og skimrande i lilla og grønt. Eg tek fram The Waves av Virginia Woolf og byrjar lese. Eg kjenner meg så vaken, så til stades i verda. Det klaraste biletet eg seinare skal ha av turen er dette: alleen i parken, sett frå benken, og trea langs alleen. Duene som kurrar attom hekken like bak meg, og dei første linjene i The Waves:

The sun had yet not risen. The sea was indistinguishable from the sky, except that the sea was slightly creased as if a cloth had wrinkles in it.

Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 16.04.2010. Foto: privat. Frå Borghese-parken. 

3 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Roma! Ein fantastisk by. Det er lenge sidan eg budde i same leiligheit som du har budd i no - midten på 90-talet ... (Jamen sa eg lenge!)

Klesvasken i bakgården og alle røystene gjennom det opne vindauget. Og Baileyskaffe i koppen. Og god skinke på baguettane om morgonen. Og kattene på Forum Romanum. Og ... Og ...

Aina Basso sa...

Har du vore i Sambu, du òg? Før dei pussa opp, då, med andre ord! (Men ikkje så lenge etter at dei pussa opp første gongen ;)

Elin sa...

Roma er en fantastisk by! <3