2. februar 2010

Min store helt (sagt heilt usentimentalt, sjølvsagt)

Dag Solstad i kveldens bokprogram, om sin 17. roman. Eit høgdepunkt så langt i 2010.
Sjå det HER.


Kledd omlag som dette. Foto: Aftenposten

6 kommentarer:

Avil sa...

Når eg høyrer Solstad snakke om litteratur, og om korleis han skriv, så får han meg til å tenke over så mykje meir no enn berre for nokre år sidan.
Er det slik at den opne tilnærminga til teksten druknar i konstruksjon?
Er det slik at eg sjølv ikkje er villig til å skrive slik?
Ikkje "slik" som i lik Solstadn, men "slik" som dette: Bøker ein skriv utan omsyn, utan tanke for lesarar eller forlag, bøker ein skriv fordi ein vil skrive.

Det høyres veldig likefram og greitt ut, alt han seier.
Eg høyrer djupdykk inn i mine eigne mest alvorlege tankar om eiga skriving.

Aina Basso sa...

Ja, det han seier høyrest ut som det einaste fornuftige, det einaste mulege _når han seier det_. Det er det same med Jon Fosse, som t.d. seier ting som at å skrive synopsis ikkje har noko med dikting og kunst å gjere. At dei to storleikane gjensidig utelukkar kvarandre.

Så er spørsmålet korfor dei meiner det, korfor dei seier det og om det berre fordi dei meiner det og seier det betyr at det er ei allmengyldig sanning som utelukkar andre metodar og andre forfattartypar.

Interessant er det, iallfall. Alle desse bombastiske mannfolka, dei seier det dei meiner som om det var det einaste fornuftige i heile verda. Ole Robert Sunde framstår også slik. Genierklærte, heile gjengen.

Akeleiedamen sa...

jaaaaaa! jeg og mannen min hadde tidenes morostund da vi så bokprogrammet med Solstad. For en herlig mann! Jeg lo høyt og ofte, det gjorde også mannen min. Og han har de beste kvinnelige leserne, sa han, selv om de er få, ja, så er de best. Og "jeg har ALDRI" likt å bli underholdt, sa han. Ajajaaj. Jeg må lese mer Solstad. Tenk å være så bombastisk, på en så selvsagt og liketil måte. Og ja, han får meg til å tenke på ting på en annen måte. Interessant. Go, Solstad!

Aina Basso sa...

Ja, han påstår han aldri har likt å bli underhalden, og uttalar samtidig at han les krim når han er på reise, t.d. på lange flyturar, togturar (dette finst i den uklipte togturen som NRK også har lagt ut). Herleg bombastisk, ikkje alltid like _sannferdig_ trur eg. Han motseier seg sjølv, òg. Men det gjer jo ingenting. Han er fascinerande.

Little Man From Another Place sa...

Eg fekk diverre ikkje sett det. Men Solstad er helten. Vonar han fær nobelprisen!

Aina Basso sa...

Ja, det MÅ han berre!