2. oktober 2009

Rømlingen

Lesesirkelen har lese Rømlingen, noveller av Alice Munro.

Samlinga inneheld åtte noveller. Dei fleste står (godt) åleine, men tre av dei omhandlar den same hovudpersonen og ulike episodar i livet hennar. Desse tre er av dei mest interessante novellene, eg liker måten Munro bruker ulike innfallsvinklar og fortel om Juliets liv episodisk, og ikkje i ein slags tørr kronologi ein kunne funne i ein roman.

Der er også andre av novellene som treffer meg, men både som enkelttekstar og heilskapleg manglar boka noko for å få meg verkeleg begeistra. Det er som det er litt flatt, alt saman. Og tittelnovella er den svakaste, slik eg ser det.

Munro skildrar vanlege kvinneliv, og det er fint, det treng vi. Kvinner i ulike aldrar, i tidlegare tider, og mykje skjer. Men den verkelege dramatikken inntreffer aldri. Det er som ho bygger opp til noko som aldri skjer. Eg blir ikkje skuffa over det, eg reknar med ho gjer det med overlegg og ikkje fordi ho ikkje kan skrive noko dramatisk - det dramatiske kan vere den lettaste utvegen - men det blir flatt, for meg. Dei overraskande vendepunkta er ikkje til stades, og om dei er det, overraskar dei meg ikkje.

Likevel likte eg å lese boka. Men med unntak av samlinga som inneheld novella filmen Away from her er bygd på, har eg ingen sterke behov for å lese meir av denne forfattaren.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Rømlingen er ikke Munros beste bok, men jeg likte den godt likevel. Det blir vel vanskelig å overtale deg til å prøve en annen?

Aina Basso sa...

Eg kjem til å lese den med Away from her, iallfall. Men har du noko å tilrå, meiner du eg burde lese nokre betre bøker før eg gjer meg opp ei meining?

Lille søster sa...

Det finnes et utvalg av noveller av Munro i den grå serien til Gyldendal som er veldig bra. Tror den bare heter Noveller. Ellers er En god kvinnes kjærlighet og Den albanske jomfru gode samlinger.

Aina Basso sa...

Ok, takk for tipsa. Eg ser om eg let meg inspirere på eit seinare tidspunkt.