24. september 2009

Meisterforteljarane

Det sit to gamle menn på (ein benk) kvar sin stol (i parken) på scena.
Mellom dei sit Fredrik Wandrup. Han er fullstendig overflødig. Dei to mennene snakkar like godt åleine, saman, dei snakkar til kvarandre, og litt til oss som sit her ute og strekker hals.

- Det er meterhøge snøskavlar, den enorme stjernehimmelen og den store einsemda, fortel den eine om heimstaden sin Hjoggböle i Norra Västerbotten.
- Det er eit stygt landskap, seier den andre om sin heimstad, Raggsjö litt lenger inn i landet, berre endelause myrar.
- Nei, ikkje berre myrar, fortel den første, først er det endelause skogar, med låge tre, det er noko uutseieleg vakkert ved endelause skogar, og så er det endelause myrar.

Så korfor blei dei forfattarar?

- Nei, det var tilfeldig, fortel den andre, han som er frå Raggsjö, lat oss kalle han Torgny Lindgren. Det var nemleg slik at i Raggsjö var det maleriet som stod i sentrum. Alle sysla med maleri. Ja, og musikk. I kvart einaste hus i bygda var det minst eit orgel, nokre fioliner og eit par gitarar. Men han mislyktes med malerkunsten og musikken. Så då byrja han skrive ned ting på små lappar, i staden. Og ein dag, i Uppsala, då han var blitt student, trefte han ein ung forfattar (no er han gammal, han er frå Hjoggböle) som oppmoda han til å sende inn tekstar til N.N. Så då sopa han opp ein bunke med lappar og sendte dei inn, og fekk beskjed tilbake om at dette var eit diktsamling og at han måtte kome på ein tittel.
- Hugsar du dette, spør han den første.
- Nei, ikkje i det heile, seier han frå Hjoggböle.

Han frå Hjoggböle, derimot, lat oss kalle han Per Olov Enquist, hadde ein karriere som friidrettsutøvar på femtitalet. Men når han innsåg at han aldri ville bli den beste, og byrja å nærme seg 30-årsalderen, leitte han etter noko anna å bli god i. Og det blei litteraturen. I tillegg er det jo vanleg å vere forfattar når ein er frå Hjoggböle. Dei har heile fem forfattarar derifrå. Bygda har endåtil fått EU-pengar for å setje opp eit informasjonsskilt.

Ja, her sit dei. To gamle, svenske menn. To av Skandinavias mest betydelege forfattarar, frå omtrent same stad. Veldig ulike, heilt samkøyrte. Når P.O. har teke for mykje plass, speler han ballen over til Torgny Lindgren, som fortset. Og slik går det. Dei kommenterer kvarandres bøker, dei spøker med kvarandre, det er ei slags tevling. Og Wandrup trekker seg stilt tilbake.
Eg trur han stiller berre ti spørsmål i løpet av heile seansen.

---

Eg overvar meistermøtet mellom Per Olov Enquist og Torgny Lindgren under Kapittel-festivalen den 19. september 2009.

2 kommentarer:

heklehatt leser sa...

Oi, det hørtes flott ut! der skulle jeg gjerne ha vært. Et mestermøte av den sjeldne sorten...

Aina Basso sa...

Ja, det var ganske spesielt!