11. august 2009

Meshes of Voice


Eg veit ikkje kva eg venta, men det var ikkje det eg fekk.
Kanskje hadde eg ikkje venta noko, kanskje gjekk eg berre, fordi eg elskar Rockettothesky og Jenny Hval og tenkte at alt ho måtte finne på ville vere verd å lytte til, på eit vis.

Det sterkaste inntrykket eg sit igjen med frå gårsdagens Jazzfestival-konsert på Parkteatret med Jenny Hval og Susanna K. Wallumrød, Meshes of Voice, er eit sterkt ubehag, både sjeleleg og kroppsleg.

Det byrja med noko som er mitt problem. Ein dårleg dag, med sterk allergi, og djup trøyttleik, delvis grunna den reseptfrie allergimedisinen eg hadde køyrt i meg.
Det fortsette med eit lummert og altfor varmt konsertlokale, dårleg ståplass altfor langt bak, ingen stad å lene seg.
For dette var ein sitjekonsert. Ein sitje stille-, kunne late att auga- og late seg rive med-konsert, ein lyttekonsert. Ikkje ein rørslekonsert, ruggekonsert.

Klangflater, stemmer som vikla seg inn og ut av kvarandre, harmoniar, disharmoniar, støy, loopar, forvrenging, stille, kviskring, flagrelette tonar, ein leik mellom lys og mørker.
Og eit skuggespel på bakteppet, stadig skiftande, fuglar lettar, det rotar seg saman, det tettar seg til, det blir mørkare og mørkare og meir og meir ubehageleg, det kuliminerer i yttarste mørker.

Eg sit att med ei kjensle av å ha fått ei intens kunstoppleving. Nydelege vokalistar og musikarar, spennande komposisjonar, noko rystande, noko som for ein gongs skuld rørte ved meg.
Eg veit ikkje om det er noko ein kan seie om ein likte.

Ingen kommentarer: