18. august 2009

Maskina stilnar, han vaknar med eit rykk

Det var Hilde Myklebust som først gjorde meg merksam på dikta til Bjørn Aamodt, då ho skreiv om samlinga Anchorage i bloggen sin, Botnfall:
 
"Anchorage. Ei sjøreise i 43 dikt. Ei bok som ikkje liknar noko anna. Av ein heilt særmerkt poet. Eg likar så godt korleis havet kling med i språket hans, og metallet, lukta av olje, harde skrog, dunkinga frå maskinrommet, tung last, tørre, sprukne nevar i dikt etter dikt. Og verda der ute. Alltid nye hamner. Jeddah. Khor al Amaya. Balikpapan. Capri. Rouen. Og Anchorage."
Eg som har ein sjømann til far kjente straks at dette var noko eg måtte lese. Og det er difor det er mest naturleg for meg å sitere nett dette diktet, frå eit maskinrom til forveksling likt det rommet der far min oppheldt seg i heile sitt yrkesaktive liv.

MAN
Lukk opp ståldøra og gå inn, på topprista i maskinrommet, som i et brøl. Så nær ditt eget hjerte kommer du bare i dyp angst. På spinkle leidere. Minst et år tar det å skjelne lyden fra hver eneste ventil, hver pakning, rørstump og skrue, som musikk. Men du hører med fingrene, føttene og ryggraden. Med skjelettet. For en eksotisk verden mellom spylebelter og manometere. De som har slått seg til der inne i halvmørket for godt har bare få ord, men kolossale never. Lette å glede, et renvasket skylight, kjølig luft, en måke som henger i lufta over skorsteinsrøyken, alt som driver forbi, stampesjø, kyststrekninger, havnebyer og ansiktstrekk. Med svetteragg rundt halsen, skiftenøkkel i baklomma og ekvator til livreim, på kne for å smøre drivakslingen, som fortaper seg akterover i tunnelen. 

Sjølv har eg berre vore i maskinrommet eit par gongar. Det var ikkje som dette. Det er ikkje slik no lenger. No er det metallisk blått, grått, grønt, det er elektroniske styringsinstrument, det er reint, med ein enorm støy. Det bråkar alltid i maskina, også når båten ligg til kai. Etter kvart høyrer ein ikkje duren lenger. Men maskinisten vaknar med eit rykk om natta, med ein gong det blir stilt.

1 kommentar:

Avil sa...

Det er rart. Alle yrke er slik, på kvar sin måte. Blir ein lenge nok fins det pust og rytme i alt. Også i papirarkivet til personalkontoret.