13. august 2009

Livet med Mac. Dag 2

Og då er alt i orden igjen.
Forsvunne filer er gjenfunne på gamle-pcen, den nye maskina er på nett, eg har installert Office-pakke og overført tekst- og biletfiler frå den gamle maskina. No gjenstår det berre å finne ut korleis eg skal få alt til å fungere slik det høver meg best, utan å lese for mykje i manualen (far min skreiv i går til meg på facebook at instruksjonsbøker er for sveklingar, og far sin skal ein som kjent høyre på).

Den største utfordringa så langt (med unnatak av alt eg nemnte i førre bloggpost, som må seiast å vere nærast som ei krise å rekne, men gusjelov [sic] ikkje så stor krise at ho ikkje løyste seg) er å få visning i fullskjerm, slik eg er van med frå Windows-verda. Først no, etter at eg har kjøpt meg den lekre, nye MacBook Pro som han tilrådde så sterkt, innrømmer kollegaen min at nettopp dette med manglande fullskjerm-visning er noko av det operativsystemet har fått sterkast kritikk for. Men det er kanskje ei tilvenningssak. Det vil vise seg.

Elles er eg nøgd. Tastaturet er deilig å trykke på, skjermen har så høg oppløysing at det er ei nyting å sjå bilete og film, og eg liker dei små symbola som hoppar opp og ned i nedre skjermkant når ein gjer noko med eit program. Ho er også usannsynleg rask, samanlikna med gamle-pcen, eller gamle trufast som vi får kalle han, heretter, som i den mogne alder av fem år var både treg, kokvarm og bråkete. Den nye er lett, kjølig og musestille.

No gjenstår det å sjå om dette nye vedunderet vil føre til betre tekstar. Er det truleg?

3 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg er i hvert fall misunnelig!

Unknown sa...

Sjølvsagt vil ein ny mac gi betre skriving :-) Sånn er det berre. God søndag!

Aina Basso sa...

Takk for det! Eg håper det stemmer. Det hadde vore fint.