15. august 2009

I desse lanseringstider

August er den store lanseringsmånaden. 
No presenterer forlaga sine haustlister og kliner til med fine festar for forfattarar, forlagsfolk og andre innan bransjen. 

I tillegg lanserast det bøker i hytt og vêr. Berre denne veka har eg vore på to lanseringar, og slikt blir det fort moro av. Ikkje berre får ein nytt input i form av nyskrivne tekstar, men ein får også høvet til å bli kjent med nye forfattarstemmer. Og så skal ein ikkje kimse av det sosiale, som jo kan vere aldeles fabelaktig på slike tilstelningar. 

Til veka er det Samlaget sin tur. Eg må på jobb på dagtid, så eg får ikkje med meg pressekonferanse og forfattarklubbmøte, men eg skal vere med på festen. Eg må jo det, dette er den store forlagshappeningen i løpet av året. Og i år er det fleire eg kjenner som kjem med nye bøker. Hilde Myklebust debuterer som barnebokforfattar med biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. Rune F. Hjemås kjem med si andre bok, novellesamlinga Indianarar, og Mette Karlsvik debuterer også som barnebokforfattar, med boka 1-2-tre. I tillegg kjem Bjarte Samuelsen ut med si andre bok, som er hans første på Samlaget, Tang. Og eg tippar det blir mykje anna bra å gle seg til, mellom anna nokre freske debutantar. Eg gler meg til å vere med å feire alle dei nye bøkene, og håper det er min tur igjen til neste år. 

Ingen kommentarer: