14. august 2009

Eg byrjar å gle meg

Alle har sagt kor mykje eg må gle meg til å få skrivefri, kor deilig det må bli, kor fantastisk eg skal få det. Og eg har nikka og smilt, eg har sagt: "Ja, det er heilt utruleg, eg har ikkje skjønt det enno, eg er så utruleg heldig." Men eg har ikkje følt noko.

Eg har sagt: "Tenk kor deilig å berre skulle konsentrere seg om skrivinga i mange månadar i strekk, i eit heilt halvår eller meir! Tenk å kunne skrive heime, skrive på kafé, skrive på Litteraturhuset, reise heim og skrive, reise til utlandet og skrive, lese og skrive og skrive!" Men eg har ikkje følt det. Eg har gledd meg utan å gle meg, viss du forstår.

Eg har telt ned dagar, eg har planlagt reiser, eg har tenkt på kor deilig det skal bli å skrive, men eg har ikkje følt noko. Eg har ikkje hatt sommarfuglar i magen. Eg har ikkje skjønt det.
Før i går.

I går fekk eg ein e-post frå ein kjær venn, som skreiv:
"Tenk kor deilig å sleppe å stresse om morgonen, kave seg ut i haustmørkret, men kunne sulle inne, ta ein lang frukost, setje deg ned og skrive."

Då skjønte eg det.
Eg visualiserte endeleg ein slik morgon.
Der eg vaknar medan det enno er mørkt, kanskje det så vidt har byrja lysne. Det er haust, det er vinter. Eg er heime i leilegheita mi i Oslo, eg er heime på Giske. Eg tek på noko behageleg, eg gidd ikkje dusje med ein gong. Eg lagar frukost med varme rundstykke, ei kanne te, eg har all verdas tid. Eg les avis eller bok ved frukostbordet, eg tenner eit lys.
Ute har folk byrja på jobb, gatene stilnar, dagen lysnar, det er kaldt og klart.

Og å gå ut i lyset, i ein kald dag med haustsol og skarpe fargar, denne krydra lukta. Eller ein klar vinterdag, gå ut i gatene, kjøpe avis og kaffi, ha laptopen i sekken, setje meg ein stad, kjenne roa over dag, åleine, tid.
Sol i andletet.

Eller på Giske, gå ned i fjøra med snø på steinane. Den kalde vinden, ha på hue, gå tur nedover markene med pesande hundar, sjå det glitre i grasskjegget, i dei frosne søylene.
Så gå inn, setje meg ned.

Eg skjøner det no.

5 kommentarer:

Elin sa...

Tror du man kan få skrivestipend for å blogge? ;-D (Merker jeg blir litt misunnelig...)

Aina Basso sa...

Eg har aldri høyrt om det, Elin. Eg trur ikkje dei har nokon eigen bloggpot.

Og misunneleg er det ikkje rart du er. Eg er misunneleg på meg.

Avil sa...

Det er akkurat slik det er.
Og når ein slit litt med teksten og ikkje føler så frykteleg mykje positivt, er det berre å tenke "no er andre folk på møte. no må andre folk gjere som andre vil dei skal gjere. eg kan krølle føtene under meg i sofaen eller gå tur eller dusje eller danse i kjøkenet".

Bai sa...

Eg er også misunneleg. Sjølv om eg, som masteroppgåveskrivar har noko av den same fridommen. Men det høyrest annleis ut når ein skal skrive for kunsten si skuld. Eg innbiller meg i alle fall det.

Eg kom eigentleg innom for å fortelje deg at eg har vore i bryllaup på Giske. Det var utruleg vakkert der! Medan vi køyrde rundt på øya (med ein noko forvirra GPS) og leitte etter ei kyrkje (som vi ikkje fann før vi skjønte at vi måtte slutte å sjå etter eit tårn) kom eg til å tenke på deg.

Aina Basso sa...

Avil:
Ja! Fint skrive

Bai:
Så hyggeleg! Ja, Giske er veldig vakkert! Gler meg til å ta ein tur snart.