6. juli 2009

Pushwagner

Etter ein månad kunne eg endeleg hente velkomstpakken frå Bokklubben Epp, som i tillegg til Vente, blinke (Gunhild Øyehaug), Borte en vinter (Heidi Marie Kriznik) og ein filmboks med Woody Allen-filmar, inneheldt det som reknast som storverket til den nyleg gjenoppståtte norske kunstnaren Hariton Pushwagner: Soft City.

Soft City er ein biletroman, med eit imponerande detaljnivå. Pushwagner laga bileta på 1960- og 70-talet, dels i amfetaminrus, men bileta forsvann og var borte i tjue år, før dei dukka opp igjen i 2002 og no altså finst i bokform.

Romanen er ein samfunnssatire og føregår i løpet av ein einaste dag i den monotone Soft City, der alle er like og alle slavar, ufrie, for krigsindustrien.

5 kommentarer:

Unknown sa...

Du sørget for at jeg ble medlem der, og fikk velkomstpakken først nå! Litt merkelig. Men kanskje ikke allikevel, for jeg purret på dem pr mail.
Jeg har spart en Woody-film til en regnværskveld. Som nuh!

Rachel sa...

Og, vips der ble jeg medlem av en bokklubb til. Underlig dette. Hmm.

Aina Basso sa...

Dipso: Eg måtte også purre. Etter å ha byrja få medlemsblad og enno ikkje velkomstpakke. Og no har dei prestert å setje betalingsfrist for pakken til FØR eg fekk henta han på posten. Tullebukkar.

Rachel: Eg trur det er mykje bra der, men det er ikkje sikkert du får velkomstpakke med det første.

Ståle sa...

Jeg ble mer nysgjerrig på Pushwagner enn på bokklubben din, jeg. Kanskje jeg skal støtte min lokale bokhandel i stedet?
Jeg er i sommermodus når det gjelder blogging, skriver intet og besøker bare mine favorittblogger når jeg ikke gidder å gå ut. F.eks. i dag når regnet har gjenerobret sørvestlandet...
God sommer til deg!

Aina Basso sa...

Ja, denne boka er både fin og fascinerande, synest eg. Men sikkert ganske dyr :)

God sommar til deg, òg!