14. juli 2009

Les, eg lyttar

Litteraturhuset inviterer eit kulturtørst oslopublikum til sommar-snik-kik.

I kveld var det Hanne Ørstavik som las frå sin komande roman med tittelen som "berre måtte bli akkurat slik", 48 rue Defacqz.

Eg har ikkje lese så veldig mykje Ørstavik, og er framleis nyfiken på henne som forfattar.

Under opplesinga gjorde eg meg følgjande tankar:

Er ikkje Hanne Ørstavik nordnorsk?
Burde ho ikkje snakke med ramsalt og litt hard finnmarksdialekt?
Korfor verkar ho så mjuk?
Han framføre meg høyrer nok ikkje kva ho les når ho snur seg vekk frå mikrofonen slik.
Ho som måtte gå ut fordi ho hosta blei følgt av stille og eit langt, undrande blikk frå Ørstavik, som deretter tilbaud henne ein pastill.
Han framføre meg har vekselvis lys rosa og solbrun hud på issen, med frekner på toppen.
Han ved sida av meg har spisse sko og nedbitne negler.
Korleis orkar folk å drikke raudvin om sommaren?
Er det ikkje veldig varmt her?
Skjer det noko i denne romanen?
Dei solfylte vindauga speglar seg opp-ned i vinen min.
Når eg held vinglaset slik, og vassglaset sånn, dannast små regnboger på dongeribuksa mi.
Når eg held vinglaset slik ser lysrefleksjonane ut som eit stilisert kattehovud mot bukselåret.
Det er flest kvinner her.
Ho som gjekk no hadde veldig fint hår.
Den vesle guten der framme er nesten litt for veloppdregen.
Eg vil sitje ute i sommarvind.
Vinen min byrjar bli varm.
Kva vil Hanne Ørstavik med det ho skriv?
Kva vil ho med forfattarskapen sin?
Er det sant det ho seier eller koketterer ho berre?
Eg vil heim og skrive.
Øl har gylne bobler som stig, øl er vakkert i kveldssol.
Hanne Ørstavik er nervøs.
Ho har vore forfattar i femten år.
Eg kjem ikkje over at ho verkar så mild og mjuk.

Det beste med opplesingar er å vere der. Det beste med å lytte er tanken som flyg.

8 kommentarer:

fr.martinsen sa...

Kjenner meg igjen i det at tankene som kommer på et foredrag eller en opplesing kan være fine i seg selv, selv om de handler om noe helt annet enn det som er meningen. Det kommer noen stimuli fra scenen og så kan tankene gå rare veier av seg selv.

Men mild og mjuk? Jeg syns det, men jeg syns også at hun brukte makt samtidig med mildheten og oppriktigheten sist jeg så henne på Litteraturhuset. Alle pausene f.eks. Lange pauser.

Mette Moen Baatvik sa...

Så morosamt å skrive ned dei flygande tankane. Var det keisamt sidan du tenkte på så mykje anna enn det ho sa? For det er ikkje alltid slik du skriv når ein høyrer på nokon, sant?

Den første boka eg las av Ørstavik var Kjærlighet. Det var ei stor oppleving. Eg har òg lese ei bok om ei mor og dotter som greip meg sterkt. Etter det har Ørstavik kjeda meg.

Aina Basso sa...

fr. martinsen:
Mjuk makt? Kanskje. Jau, ho hadde oss i handa.

Når ho stogga, sette handflatene inntil kvarandre og heldt dei framføre munnen, tok ein lang pause, og sa: Er det ikkje litt varmt her? Går det an å opne eit vindauge?, spratt alle opp og byrja riste i glasa. Særleg mennene. Det var veldig komisk. Ho kommenterte det sjølv, at det likna ein installasjon eller performance. Men så kom jo all gatestøyen inn og eg syntest ho såg litt betutta ut, men ho sa ingenting. Vindauga blei likevel lukka.

Mettemor:
Det var ikkje veldig gripande utdrag ho las. Det var lange indre monologar, lange skildringar, lange refleksjonar og metaforar.

Så tanken min flaug. Men når det er sagt plar han ofte flyge under opplesingar. Det skal mykje til for å halde merksemda mi under slike omstende, og noko av det eg liker best ved slike tilstelningar er at eg blir så observant på alt rundt meg, den stundom monotone stemma der oppe flyt inn og ut av medvitet og sansane vaknar. Alt blir klart og betydeleg, for å sitere ein kjent roman (som eg ikkje har lese).

Det hengte enno igjen då eg gjekk heim nokre timar seinare. Denne vakenheita. Alt verkar sterkare inn på meg.

Men eg veit ikkje om det betyr at eg ikkje trur det kan vere ein god roman.

heklehatt leser sa...

Å, det kjenner jeg igjen, disse tankene som flyr! jeg hadde en periode jeg gikk på tilfeldige forelesninger for å sjekke ut noe, og på timene med latin, gresk og arabisk, rakk jeg å gjøre meg mange tanker. Men gikk du hjem og skrev? Jeg pleier å få en sånn: å-nå-vil-jeg-skrive-følelse, klar og våken, som du skriver. Men så går jeg bare hjem og legger meg...

Aina Basso sa...

Tja, eg gjekk jo heim og skreiv, for så vidt. Men kva skreiv eg? Jau, dette blogginnlegget. Så kan ein spørje seg om det er godt nok eller om det var noko meir eg var ute etter.

Jørn Roeim sa...

Lange pauser! Det kan jeg underskrive på. Hørte henne en gang på biblioteket her i hjembyen. Kunstpausene hennes var så lange at folk skottet usikkert på hverandre og lurte på hva som var galt. I det hele tatt en SÆR opplevelse.

Aina Basso sa...

Ho hadde veldig lange pausar denne gongen, òg. Eg blir nervøs av slikt. Blir redd for at den der framme skal bryte saman eller noko.

Anonym sa...

Har fått oppleve Hanne Ørstavik lese to ganger. Det er opplevelser som sitter. Som bøkene hennes.