3. juni 2009

Post-festival-syndrom

Det er hardt å kome seg i normalt gjenge igjen etter ein litteraturfestival. Ikkje berre fordi døgnrytmen er snudd opp ned og ikkje like enkelt kan vippast tilbake til utgangspunktet, av ein eller annan grunn. Men også fordi ein slik festival byr på så mange inntrykk og idear som må fordøyast, gjennomtenkast, formulerast, testast ut.

Eg prøver med andre ord å seie at eg framleis er utsliten, og at det no har med den dårlege kombinasjonen "mest kreativ etter at lampane er sløkte" og "tidleg opp om morgonen" å gjere. Hjernen min speler, på kroppsdelars vis, ikkje på lag. Når eg sløkker nattlampa og freistar mane tankane tilbake i krokar og bakevjer, skrur hjernen på ein lyskastar innanfor kraniekvelven og byrjar mase fram og attende med både det eine og det andre.

Spørsmål som korleis skal eg eigentleg legge opp research-turen min til Trondheim om fire månadar, må tydelegvis svarast på og løysast akkurat NO, og plottutviklinga i den neste romanen (eller kva med den etter der igjen) er heller ikkje noko som kan vente til morgonen kjem. Det same gjeld dei neste laurdagsspaltene til Nationen. Burde ein ikkje få overtidsbetalt for slikt?

4 kommentarer:

heklehatt leser sa...

jo, så absolutt! det er litt fint og veldig slitsomt å være i sånn post-festival-modus. Jeg tror det viktigste er å tillate seg å være litt bakpå. La hodet surre, ikke forlange så mye av seg selv på jobb osv. de første dagene etterpå. Og sove mye, selvsagt. Men det er jo ikke så lett når man må jobbe overtid... Velkommen hjem!

Aina Basso sa...

Tusen takk! Du er no så søt!
Ja, eg trur tingen er å ta det med ro. Gjere det eg skal på jobb, og legge meg på sofaen etterpå. I går kveld, til dømes, blei det mest berre film og veldig lite anna (før eg la meg, og hjernen meinte eg hadde ofra skrivinga for lite tanke...) Korleis er det med deg, då? No i desse blømingstider?

Ståle sa...

Ja, er det ikke underlig. Hjernen settes i høygir når den egentlig burde kjenne sin begrensning, slukke lyset og la freden senke seg over det hele. Skjer omatt og omattatt. Blir aldri helt klok på det der. Blir aldri helt klok i det hele tatt, men det er en helt annen sak :-)

Aina Basso sa...

Hehe, slik er det. Min hjerne er iallfall fæl til å jobbe når han eigentleg burde gå og legge seg.