20. april 2009

Ny + gammal

Etter eit nyttig og oppkvikkande møte med redaktøren før helga, har eg no ny motivasjon for å skrive på manuset. Men nei, ikkje berre skrive, det er ikkje det det står på: gjere research!

Eg har planlagt ferien min med tanke på nettopp dette. Eg må finne tid før skriveperioden byrjar 1. september til å gjere research til manuset som snart kan vere ferdig. Eg kan byrje med å låne relevant litteratur på biblioteket, og det bør eg byrje med så raskt som muleg.

Eg skal også setje meg ned i kveld og planlegge skikkeleg kva eg skal seie til ungdommane eg skal besøke på torsdag, og ikkje minst: finne ut kor lang tid det tek! Eg har ein mistanke om at det eg har å seie kunne teke langt meir enn 45 minutt, eller eigentleg, 30 - vi må jo ha tid til å snakke saman og diskutere litt, også, så eg kjenner på meg at eg må ha ein tidsplan!

Og sidan alle elevane kjenner historia, og tre av dei fire klassene har lese heile boka, kan eg velje utdrag utan å vere redd for å avsløre for mykje. For ein luksus! Eg kjem til å få lese dei scenene eg liker aller best. Det gler eg meg til.

- Gammal bok og ny bok, altså. Forhåpentlegvis, iallfall.

5 kommentarer:

Elen Fossheim Betanzo sa...

Jippi!

Lille søster sa...

Da er vel redaktøren positiv til det nye manuset da?
Er det mye research som må gjøres?

Aina Basso sa...

Jaudå, han verkar positiv! Så no er det berre for meg å skrive på. Alt avheng jo av kva eg får til, så langt er det veldig uferdig og skisseprega.

Det må ein del research til, men det meste finn eg i litteraturen, på nettet, nettutstillingar, artiklar, mv. Må berre lese meg opp litt! Nokre primærkjelder har eg allereie funne.

Korleis går det med deg?

Midifila sa...

Tvi og tvi og skriv og skriv og masse lykke til!

*** sa...

aha! dette gir jo ekstra svar til dei tinga vi snakka om i går! skjønnar enno meir no!