7. april 2009

Er eg klar?

Det er omtrent det einaste eg tenker på.
Det ligg der heile dagen, det ligg der i mellomromma mellom svevn og vake, det ligg der i draumane.
Eg drøymer om redaktørar og vurderingar, om konsulentar, eg drøymer fram sjølve manuset.

Eg grublar på det med- og umedvite. Kva manglar? Kan eg setje det ned punktvis? Kva slags research gjenstår? Når skal eg får gjort det/ når bør eg gjere det?
Kva skal skje her? Enn der? Korfor gjer han slik, korleis kjem ho dit, kva skal dette bli?

Arbeidsstipendet forpliktar. Det motiverer, inspirerer, og forpliktar. Eg tek det frykteleg alvorleg. Om nokre månadar skal eg ut i verda på eiga hand. Eg skjer over banda som festar meg til det daglege, det kvardagslege, det vanlege.
Eg skal prøve meg i det fri.
Er eg klar?

7 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Ja.

Elin sa...

Kan du klare det?
Klart du kan!

Ståle sa...

Jepp! Det vil du oppdage når du drar ut i verden. Lykke til med planleggingen og jobbinga. Gleder meg til å følge deg her på bloggen og til å åpne den neste boka di :-)

Avil sa...

Klar som eit egg!

(som ikkje berre er eit teit åttitalsuttrykk, men eit uttrykk frå pre-kjøleskapstidsalder, då ein "klara" egg ved å legge dei i einslags parafinblanding så dei skulle halde seg)

Aina Basso sa...

Hehe, flott tiltru!
Og Avil: flott uttrykksforklaring. Tru om eg finn det i den etymologiske ordboka?

Avil sa...

Om ikkje kan den etymologiske ordboka di gå og legge seg. *tøff*

Evt ta seg ei bolle.

Aina Basso sa...

Då får ho ta seg ein bolle. Og bake han sjølv.