30. april 2009

Av og til hjelper det å klage

for no er eg i gang igjen.

Eg skriv om Josefa og Maria, om marknaden på torget i Trondheim, om korn i sekkar og små, lysebrune egg.

Eg skriv om hår som lyst fjon kring andletet, om tunge, mørke fletter, eg skriv om nakne kroppar som sym i kulpar, eg skriv om hus med ruglete glasruter, om snø som bølgjar, om badestampar som dampar, om olboger i vindaugskarmar.

9 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, man skal klage litt. Og fint at du er i gang igjen!

Jørn Roeim sa...

Høres bra ut. Men er det tilfeldig at jeg får assosisasjoner til "Andvake"?

Lille søster sa...

Det fikk jeg også.

Aina Basso sa...

Andvake? Ja, det må vere tilfeldig. Det eg skriv på no har ikkje noko med den tematikken å gjere. Men eg skriv jo frå ei (eller fleire) historisk(e) fortid(er), så det vil vel likne litt på den måten, kan hende.

Midifila sa...

Så flott at du er i gang!
Olboger i vindaugskarmar...fint.

*** sa...

du må lese knut ødegårds siste diktsamling. han skriv om sjøsamane marja og josefa som siglar frå finnmark til trondheim, og reiser vidare på ein gul hest. og kanskje også lese om vesaas' gule hund?

Aina Basso sa...

Takk for tipsa, Mette :) Har ikkje lese noko av Ødegård enno.

caterina sa...

det høres betagende ut, aina. gleder meg til det kommer ut mellom to stive permer. du skriver så poetisk, selv i et lite blogginnlegg i forbifarten.

Aina Basso sa...

Tusen takk for det, Caterina! Det var veldig fint å lese.