30. mars 2009

lodne hjarte mjukt på greinene

I dag var det gåsungar på det store treet nede ved elva.
Små lodne hjarte mjukt på greinene.
Eg tenker på påske.

Gåsungar i vase, med gule fjør.
Påskeegget, det tynne papiret på utsida.
Lyden når ein opna det.
Lukta.

Om morgonane var det Narnia på tv. Tidleg.
Sitje med dyna i sofaen, huset stilt.
Beverar og barn, pelskåper, snø, og sledar med ringlande bjøller.

Reise heim.
Ta bussen, toget, flyet.
Høyre på musikk.
Sjå, lytte, tenke, gle seg.
Og god litteratur i bagasjen.
Kva skal du ta med denne gongen?
Har du tenkt på det?

10 kommentarer:

Lille søster sa...

Så fint innlegg!

Aina Basso sa...

Så fint at du syntest det!
Kjente du deg igjen i di barndoms påske, kanskje?

Elin sa...

Gåsunger! Her er det full vinter fortsatt! Men jeg skal til Oslo i påskehelgen. Litt usikker på hvilke bøker jeg tar med for å lese. Sapfo, kanskje? Eller Rasp? Eller noko heil anna? Eg veit ikkje! Det er fortsatt over ei veke til eg reiser, mykje kan skje på lesehald på ei uke. Og no vert eg nett språkforvirra her. Haha!

Hilsen Tøyse-Elin

Lille søster sa...

Ja, det ga assosiasjoner både til jule- og påskeferier!

Aina Basso sa...

Elin:
Eg trur eg har bestemt meg for gullalderkrim (Dorothy L. Sayers og, viss eg ikkje har lese henne ut til då, den Patricia Wentworth-boka eg held på med no) og Ragnhild Jølsen, Rikka Gan. Men eg skal ta ein tur på boksjåpping etter jobb, så får vi sjå om noko plutseleg endrar seg. Det kan det, ja!

Elin sa...

Boksjåpping kan vere farleg! Heilt sant! ;-)

Eg har lånt ei lita bok med dikt på jobben: Imitabilis av Janne Marie Fatland. Har du lese henne? I like it, I like it, I luh-uh-uh-like it! ;-D

Aina Basso sa...

Eg har lese henne, ja! La ut eit dikt for ei stund sidan. Kos deg!

HPL sa...

"Rikka Gan", ja! Så dokumentaren om Jølsen som gikk sist søndag, og det virket som en spennende bok. Kommer nok på leselista mi i løpet av året.

Aina Basso sa...

Eg har ikkje fått sett den dokumentaren enno, men tenkte å gjere det i samband med lesinga av boka. Gler meg!

Bai sa...

Eg saknar Narnia om morgonen. Narnia og kakao til frokost - det var påskeferie det.