2. mars 2009

Caffe Latte-stova

I dag har eg hatt ein god arbeidsdag.
Eg har jobba med ein artikkel om Hotell Bondeheimen, i eit historisk perspektiv, og har i samband med det drukke caffe latte på Kaffistova, intervjua nestleiaren ved hotellet, fått omvisning og skrive så det spruta i fleire timar i strekk.

Slike dagar gjer meg glad. Og eg har funne ut at eg kanskje kunne likt å vere journalist. Alt det rare ein skal erkjenne.

Eg har også mimra om mitt første møte med Kaffistova, som er uløyseleg knytt til mitt første møte med Samlaget i 1997, då eg var sytten år og på manusseminar i Oslo. Ein av dei eg hugsar best er Ragnar Hovland. Med bart og donaldklokke. Viss redaktøren vil skal han få vere med i artikkelen.

10 kommentarer:

Lille søster sa...

Høres kjekt ut! I hvilken sammenheng skriver du denne artikkelen?

Aina Basso sa...

Byarkivet, der eg jobbar, gir ut eit oslohistorisk blad. Eg er med i redaksjonen, og denne artikkelen skal med i det neste nummeret.

heklehatt leser sa...

det er så fint med sånne dager! Håper du får mange flere slike av dette slaget. Gøy at du kan skrive på jobb, da:-)

Aina Basso sa...

Ja, det er gøy! Det er ikkje så mykje, men det skjer då!

Monica sa...

Ragnar Hovland med bart og Donaldklokke. Herlig. Gjør meg like varm om hjertet som portrettet av ham i Åleine i Alpane. Kanskje tatt på samme tia. Si fra hvis det blir en artikkel, eller send den til monica@griff.no, pliis.

Aina Basso sa...

Det blir artikkel, men det ikkje sikkert Ragnar får vere med :) Og det er jo igrunnen berre nett det eg skreiv her som handlar om Ragnar. Resten handlar om den historiske bakgrunnen for Hotell Bondeheimen, Kaffistova, BUL, og slikt. Men klart du skal få lese! :)

Unknown sa...

Heter det virkelig "caffe latte" på Kaffistova?
Hvorfor ikke "kaffi med mjølk"?

Aina Basso sa...

Kanskje det heiter mjølkekaffi? Eg må innrømme eg ikkje sjekka.

Dr. H sa...

Å! Håper han kjem med!

Aina Basso sa...

Vi har hatt redaksjonsmøte, og det er avklart: ikkje eit komma skal endrast i artikkelen. Så då blir han altså med. Med donaldklokke og bart. Og kjøtkakesmak i munnen.