13. februar 2009

Stikkord

Stien
Då eg var heime på Giske i helga, gjekk eg ein nydeleg, frisk tur saman med far min, niesa mi på seks år og dei to glade hundane til bror min. Vi gjekk vegen ned til sjøkanten, først. Så fortsette vi den usynlege stien langs markkanten, ein svipp ned i fjøra.

"Rundt heile dette neset var det sand før, hugsar du det," spør far min kvar gong vi går der.
"Ja, eg hugsar det så vidt," svarer eg.
"Og her blei det biletet teke, veit du," seier han, peiker på ein stad nokre meter frå land.

Biletet det er snakk om er av meg og den eldre bror min. Bror min i robåt, eg, ein lubben eittåring, med ryggen til fotografen på sanden, ser på bror min i båten. Ålesund i bakgrunnen. Blasse fargar, ei bleik gjengiving av ein strålande sommardag i 1980.

Så fortset vi, som vi alltid gjer - hundane først, dei kjenner stien - opp på marka igjen, vi følgjer stien langs kanten, gjennom rekka med graner. Det gulbleike graset har eit tynt snølag over seg.
Så ned i fjøra igjen, mellom høge strå.
"Sjå strået er høgare enn meg!"
Og ned på sanden ved brua.

Eg gjorde meg nokre stikkord på denne turen, mentalt, eg memorerte dei og skreiv dei ned då eg kom tilbake. Her er stikkorda. Kanskje blir dei eit dikt ein gong.

frostpynta stein
matte diamantar

mønster i sanden
smale band, fuglefotriss

sola varmar meg, vinden kjøler meg
eg let att auga, vender andletet mot vinden

høge strå, høgare enn barnet
mjølsnø over gule tuer

lydar:
kakkinga av ein båtmotor over det blå
stega våre over mark
frosten
pesinga av ein hund som spring mot oss

4 kommentarer:

Janicke sa...

Vakkert!!

Lille søster sa...

Ja, jeg kan levende se det for meg.
Fint å få slike innblikk i hva som ligger bak dikta.

Hilde sa...

Nydeleg, Aina.
Du kallar det stikkord, men eg synest dette funkar mykje betre som dikt, enn det som du kallar dikt! :)

Aina Basso sa...

Hm. Veit ikkje heilt kva eg skal tenke om det, Hilde :)