18. februar 2009

Jens Carelius

For nokre veker sidan oppdaga eg ein ny artist. Denne flotte, unge mannen er frå Sandvika utanfor Oslo, og skal spele heile tre konsertar under årets by:larm (og club:larm) i Oslo (by:larm varer 19.-21. februar, for dei som ikkje har fått med seg det). Eg har tenkt å få med meg iallfall ein av dei, og eg tilrår alle som ikkje har høyrt (om) han før å lytte til denne fine låten, kjøpe plata og kanskje endåtil stikke på ein av konsertane!

Jens Carelius: Summer Skin

Ingen kommentarer: