5. februar 2009

ABBA på ein torsdag

Då eg sat på sete nr. 7a på flyet frå Gardermoen til Ålesund lufthamn Vigra tidlegare i dag og kika ut på skydekket, der den raudrosa solkula var i ferd med å gå ned, og iPoden spelte Take A Chance On Me, følte eg meg fullkome lykkeleg.

Har du det nokon gong slik? At synet av noko vakkert set deg fullstendig ut ein augneblink, at du berre må halde pusten og glo og glo heilt til auga ikkje vil meir og hjartet kjennest som det skal sprengast? Og har du det av og til slik at når den rette låten kjem, kanskje uventa, fyllast du av ei enorm glede over.. alt? Og dette endåtil utan å vere med i new age-rørsla?

Her er iallfall låten som fekk det til å stemme for meg i dag, der oppe langt over skyene:
Take A Chance On Me med dei beste svenskane, ABBA.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Å ja, slik har jeg det av og til, slik har jeg hatt det mange ganger. En av livets mange gaver.

Aina Basso sa...

Ja, det har du rett i!
Av og til er det så deilig å vere til stades i sitt eige liv. Å vakne av noko ein ser på gata, ein eigentleg litt stusseleg dag, kanskje.

Janicke sa...

Er det ikke det som kalles peak experience?
Jeg vet hva du mener, og det er deilig når det skjer, og oftest kommer det så brått og uventet. Lykke kommer i små drypp. Jevnt og godt! Og ikke alltid der man hadde forventet. Nydelig!

Aina Basso sa...

Ja, lykke kjem i små drypp.
Eller i bølgjer og brenningar.