skip to main |
skip to sidebar
Fredagsdiktet
FERDAMINNE FRÅ SOMMAREN 1985Vi har fått rom i 2. etasje.Da er det vel ingen vitsi å ta heisen?
Sei ikkje det.Vi tar alltid heisen,opp og ned.Innestengde i den vesle boksenblir vi med eittså inderleg to-eineat vi alltid må kysse kvarandreså snart heisen set seg i gang.
Korleis det er inni degden blunken det varerveit eg ikkje.Men inni meg boblar kvar gongei lita spenning:
Rekk vi det?Rekk vi det før heisen stansarog vi må ut?
Og jammen rekk vi detgong etter gong etter gong.
Vi tar alltid heisen.
Haldis Moren Vesaas. Frå Livshus 1995
4 kommentarer:
Bare sånn til orientering:
Bloggen "Skrift" har anmeldt boka di.
Ja, eg såg det!
Eg har han på bloggrullen min. Veldig kjekt!
Det diktet der er så vakkert, eg vonar eg framleis er der når eg er 85.
Ja, det hadde vore noko!
Legg inn en kommentar