27. januar 2009

Dei store blir, dei små forgår?

Ein poet eg er blitt litt kjent med fortalte at han alltid må spørje etter skrivepapir på kafear og restaurantar. Han gløymer nemleg å ha med notatboka, og når dei gode formuleringane kjem må han skrive dei ned med det same, elles forsvinn dei.

Så får han kanskje ei heil bestillingsblokk som han krotar noko ned på. Kanskje puttar han arket eller arka i lomma, eller tek med heile blokka, kva veit eg. Kanskje har han eit enormt lager av halvbrukte bestillingsblokker heime i leilegheita si.
Og av og til er setninga så god at ho var verd bryet. Og andre gongar ikkje. Men slikt veit ein ikkje før etterpå. Og ein kan jo ikkje gå glipp av potensielt geniale formuleringar berre fordi ein ikkje har skrivepapir!

Så er det nokon som fnyser. Herregud, seier dei. Slikt forsvinn jo ikkje. Idear forsvinn jo ikkje, om dei er gode nok! Og til ein viss grad har dei jo rett. Dei store og gode ideane blir verande, sjølv om ein aldri skriv dei ned. Dei som har livskraft og potens og ikkje avheng av ei einsleg formulering.

Men kva med alle dei små, fint uttenkte formuleringane av den vesle ideen? Blir dei verande? Er det ikkje snarare slik at vi risikerer at dei aldri kjem tilbake viss vi først gløymer den første, fine samanstillinga av orda?

Dette veit vi ikkje. Dette vil vi aldri få vite.
Dei nye forsøka våre på å formulere det tapte vil for alltid bleikne i glansen av det vi mista. Så då skriv vi det ned, då, med det same vi kjem på det. Så har vi det. I tilfelle det var ein glimt av geni som fekk oss til å tenke det. Sjølv om det kanskje ikkje var så genialt, likevel, når det kom til stykket.

5 kommentarer:

Monica sa...

Jeg skrev ned en setning i går mens jeg så på en episode fra boksen min med Six feet under. Jeg stoppet filmen, skrev (sms til meg selv, som jeg pleier) og trykket på play igjen. I dag er jeg glad for at jeg gjorde det, selv om det geniale ikke var så genialt allikevel. Det er en tanke der, og jeg skal prøve å gjøre noe ut av den.

Lille søster sa...

Man må skrive ned ideer og setninger med en gang, det er min erfaring. Ideene er riktignok lettere å huske enn formuleringene. Men det er best å skrive det ned. Selv får jeg av og til ideer og innfall før jeg sovner, eller når jeg er våken om natta. Av og til hender det at løsningen på et eller annet problem, enten litterært eller noe annet, dukker opp om natta. Slik sett er det en fordel med nattevåk. Dette kunne jeg visst ha skrevet en hel bloggpost om...

Bai sa...

Eg støtter bestillingsblokkpoeten. Eg har ikkje tal på alle dei tankane eg har tenkt som har blitt borte på vegen heim. Sjølv om det ikkje er sikkert dei er så brilliante som eg trur, alle saman, veit ein jo ikkje det når ein har gløymd tanken. Nokre gonger snakkar eg med meg sjølv, medan eg er ute å går, for å ikkje gløyme tankane mine. Det hjelper å formulere dei også.

Aina Basso sa...

Eg har det slik sjølv, eg. Men sidan eg er jente, og dermed oftast har veske, har eg stort sett notatblokk. Men eg har også brukt sms til meg sjølv, eller epost til meg sjølv, eller berre seie det halvhøgt til meg sjølv nok gongar til at eg trur eg kanskje hugsar det ein time seinare.

Det verste er når det skjer når ein er for trøytt til å skrive det ned. Eller midt i ein draum (å! kor geniale setningar eg drøymer at eg kjem på!). Eller når ein t.d. er i symjehallen, i bassenget, midt i ein runde, i badedrakt, kliss våt. Då er det ikkje alltid så enkelt.

Anonym sa...

Denne posten er nå anbefalt på http://sonitus.org/