11. januar 2009

Plutseleg ser eg

Bipolar Horizon, Siri Hermansen (vinter 2006)
Foto og installasjon. Stenersenmuseet.
Den forlatte gruvebyen Pyramiden på Svalbard

I

det ligg ein flat ball
i gymsalen
innfokne blad
på golvet
ribbeveggar
grøn maling som flassar av veggane

ekkoet

eg høyrer latteren, pusten
eg høyrer dunka, pesinga, stega
eg høyrer sko
som gnissar mot golvet

II

i vindaugskarmen på barnerommet
står ein gjengløymt elefant
senga står her
bileta heng her
ein vissen plante står igjen
på ein krakk

her sov han
her drøymte han smågutdraumane sine
her nekta han å legge seg om kvelden
gnei auga sine med butte nevar

gret han då dei løfta han opp av senga?
gret han
då dei bar han ut døra
ut i gangen, ned trappa, ut av huset
gret han då mor hans drog hua
betre ned over øyra på han?

kva var det siste han såg?
var det dei blå fjella?
var det dei kvite slettene?
var det elefanten
som fløytte
med snabelen sin?

III

berre skala att på husa
fastfrosne, tomme
livlause
gapande glas
speglar blå fjell
eit taust mørker innanfor

togskinner som spriker
vekk herifrå

ein frosen sølepytt
ei stiv avis i ei grøft
ei huske som svingar
i vinden

ein tom by
ingen
ingen
ingen
berre snø
og frost
og fjell


Photo Finnish, The Helsinki School (vinter 2007)
Foto. Stenersenmuseet

sundagsstilt museum
bilete på kvite veggar
fem bilete

I

ei ung kvinne sit ved eit kjøkenbord
utanfor vindauga slanke trestammer
tett
i tett
to turkise pinnestolar
i biletet sit ho på den eine
held eit kort, eit tomt mjølkeglas

II

kvinna sit på ei seng
i eit rom
med tre enkeltsenger, dei står
tett
inntil kvarandre

mellom to av dei
eit grønt nattbord
på veggen
fleire postkort
med ikonmotiv

kvinna sitt hår heng laust
det er skite

III

kvinna sit
klasserommet er tomt
blåmalte gammaldagse pultar
ho ser vekk frå meg

IV

kvinna gøymer seg
bak tynne gardiner
dei blafrar i vinden
i eit hotellrom
med blått vegg-til-vegg-teppe

sjølv om det er vind i biletet
luktar det
innestengt

V

kvinna skriv på ei grøn tavle
ho har ryggen til

no går eg

på vegen heim ser eg
hundeskit der snøen smeltar
faklar utanfor kinoen
isflak i fontena

eg ser

gule lyspærer opphengt på eit stillas
nakne trekroner mot skymingshimmelen
ein sko og ei gul plastkanne
slengt over
ei straumledning

plutseleg

6 kommentarer:

heklehatt leser sa...

gratulerer aina - vel overstått! fine tekster jeg skulle likt å høre deg lese...

Aina Basso sa...

Takk!
Du får kome neste gong. Det var forresten stappfullt, nesten ikkje plass til fleire!

Unknown sa...

Ja, hvordan gikk det? Nervøs?

Aina Basso sa...

Neidå, det gjekk så fint, så. Fekk endåtil bravo! etterpå. Og dikta passa godt til høvet.

Monica sa...

Så flott, Aina! Hvorfor så jeg ikke dette før nå? Sløvhet.
Denne utstillinga ble jeg nysgjerrig på, selv om jeg får drøssevis av bilder i hodet. Bravo!

Aina Basso sa...

Takk for det, Monica!

Utstillinga eg las desse tekstane på står ikkje lenger, dessverre. Og det gjer jo heller ikkje dei utstillingane dikta er skrivne utifrå. Slik er det. Alt er forgjengeleg.