22. november 2008

To dikt

I

i skyminga ligg
andletet ditt
blått, berre suset
frå bårene det mjuke halvmørkret
som søkk ned
over kysten

kroppen din teiknar
svarte riss mot låg himmel
det er stilt
sjeldan er det så stilt
her ute


II

eg har ripsbærraud munn
passe avkjølt
bles røykringar, det er juli
eit insekt flyt forbi
med dinglande bein
munnen din er varm

3 kommentarer:

Lille søster sa...

Fine dikt!

Hilde sa...

Ah!
Fint.
Og sårt.
Og gjenkjenneleg!

Aina Basso sa...

Takk!
Skryt frå to poetar - ikkje verst! :)