4. november 2008

Poesitid, igjen

Eg har teke ein sveip innom poesien igjen dei siste dagane.
I går las eg ut Hender og hukommelse av Nils-Øivind Haagensen, som eg må seie var ein god debut. Ein ser der at den fyren har noko å kome med.

Stilen hans har endra seg med åra. Snarare enn at det har utkrystallisert seg noko, har stilen utvida seg, og blitt det han er i dag, sannsynlegvis framleis i endring, ei rørsle mot noko, ein stramt komponert straum av ord. Denne flyten han er så kjent for, som riv deg med på sitt beste, og får deg til å skumme litt for fort på sitt verste.
På sitt beste treffer han noko i meg, det kan vere ei formulering, ein strofe, ein observasjon, eit dikt, samanstillinga av fleire.
Det er få som røskar slik tak i meg som Haagensen kan gjere.

Etterpå byrja eg på Sone O av Paal-Helge Haugen. Eg kjente det med det same. Eg elskar Paal-Helge Haugen. Det var eit dikt der som trefte meg så veldig. Det var ei enkel setning som gjorde det, éi setning av kanskje ti setningar i eit dikt. Noko med måten ho drog saman jakka si i halsen på, som var han så velkjent. Noko slikt.

Slike små, presise, velkjente observasjonar, som rommar så uendeleg mykje meir. Som rommar ei ømheit, ein større kjærleik. Det var endå ei setning der som var særleg sterk, eg klarer ikkje sitere henne ifrå minnet. Eg skal leite fram diktet og gjengi det her.

Eg fann også fram En som ser, den signerte Jan Erik Vold-samlinga eg fann i det fine antikvariatet på Bakklandet. Men eg blei så trøytt, så ho blei liggande på nattbordet, øvst i bunken med bøker eg les i og skal lese: Don DeLillo - Americana, Jan Roar Leikvoll - Eit vintereventyr, Elen Fossheim Betanzo - Å skrive kjærlighetsbrev (fin debutant eg er blitt kjent med og har bytta bok med), Øystein Vidnes - Ekstasar, Paal-Helge Haugen - Sone O og Eg kjem med toget av Ingrid Z. Aanestad).

Illustrasjon med kjøleskapspoesi stole ein stad på nettet.

Ingen kommentarer: