14. november 2008

Kort og godt

I går var eg på Korttekst på Litteraturhuset. Eg gjekk opphavleg for å høyre Hilde Myklebust lese dikt frå si nydelege, nye samling Søkk, men var også interessert i å få med meg kva Ingrid Z. Aanestad, Johan Harstad og Markus Midré hadde å seie til påtroppande kulturredaktør i Klassekampen, Sarah Sørheim.

Arrangøren opna med å beklage at singelkuttet med Hilde Myklebust dessverre var avlyst, då Hilde ikkje var til stades. Dette blei ledsaga av høglytte "Nei, nei, ho er her, eg er her!", kor på Hilde gjekk opp på scena til ein forhåpentlegvis noko annleis introduksjon enn poetar er vane med. Hilde klarte brasene fint. Ho las i 3,33 minutt (sånn ca, ingen hadde stoppeklokke). Ho las innhaldsforteikninga, og nokre heile dikt, m.a. min favoritt Mogn. Og ho las det nydeleg, roleg, dynamisk.

Så var det klart for opplesingar og samtalar med dei tre andre. Markus Midré starta med å lese på denne gyngande, messande måten mange bokmålsforfattarar nyttar, frå sin komande, korte roman Tunnel. Ingrid Z. Aanestad las frå sin korte roman Eg kjem med toget, som ligg på salongbordet mitt klar for lesing, og Johan Harstad las frå sine B-sider. Skriving blei diskutert, bakgrunn for val av format, tempo i tekstproduksjon, rytmikken i teksten, likskapar og ulikskapar mellom forfattarane. Det var eit akkurat passe langt arrangement. Det varte i ganske nøyaktig ein time, og etterlet oss passe mette, passe svoltne på meir.

Eg skal byrje lese Eg kjem med toget. Kanskje i helga.
Og så kom Janne Marie Fatland, lyrikkdebutant på Oktober, bort for å helse på, og det var veldig hyggeleg. Så hei til deg, Janne, viss du les dette!

Fotomontasje stole frå Litteraturhuset.

8 kommentarer:

david santos sa...

Great picture!
Pretty faces and pretty colores!!!
Congratulations!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Have a nice weekend!!!!!!!!!!!!!!!

Lille søster sa...

Håper du liker "Eg kjem med toget". Det gjorde jeg.
Det er noen ganger jeg er lei for at jeg ikke bor i Oslo lenger. Ikke så ofte, men av og til. Som når jeg leser om slike arrangementer. (Selv om det skjer ting på bygda også, absolutt.)

Aina Basso sa...

Eg trur eg kjem til å like henne.

Det er kjekt å vere i Oslo, m.a. fordi det skjer veldig mykje spennande her, det er pulserande, ikkje sant. Men eg ser attraksjonen i mindre stadar, òg. Alt til si tid, kanskje?

Lille søster sa...

Ja, alt til sin tid, og alt har sitt, positivt og negativt. Jeg kunne ha bodd i byen resten av livet og hatt det fint der. Men nå har jeg det fint her.

Aina Basso sa...

Ja. Og det er godt du kjenner det slik! Eg trur eg kan ha det fint mange stadar. Og no er det fint i Oslo.

Anonym sa...

Men hva sa de da!!?? Om «skriving (…), bakgrunn for val av format, tempo i tekstproduksjon, rytmikken i teksten, likskapar og ulikskapar mellom forfattarane». Du er en lureblogger altså. Nå ble jeg enda mer frustrert over at jeg ikke var der ;)

Aina Basso sa...

Midré sa han var oppteken i rytmikken i teksten. Harstad var einig. Intervjuaren spurte kva Midré meinte med rytmikk. Det kunne han ikkje forklare. Det er noko intuitivt, sa han, og det er det jo. Noko ein tek på feelingen. Anten har ein sans for rytme, eller ikkje, tenker eg.

Val av format: Harstad sa det var det same å skrive små tekstar som digre tekstar, det var same prosessen. Han fløymer over av idear, som han trur kan bli romanar, men som han no har teke ein god del av og gjort om til desse korttekstane, som eigentleg er dramatikk, monologar. Kanskje er ikkje ideane gode eller store nok til dei store formata.

Aanestad sa at grunnen til at ho skriv korte bøker er ein kombinasjon av at ho skriv sakte og er utolmodig etter å bli ferdig. Midré sa at for hans del var det nok pga hangen til det poetiske, til poesien.

Intervjuaren konkluderte med slike ting som at sjølv om dei var ulike hadde dei iallfall skrive korte tekstar alle tre.

Og eg er ikkje ein lurebloggar, Oda. Eg er berre ikkje ein slik bloggar som skriv kva folk seier. Hehe.

Anonym sa...

Snill Aina! *klappe på*