30. november 2008

Fint og fælt med Flamme

I går kveld var det siste gong Poetisk sone blei halde i foajeen på Torshovteatret. Eit lite knippe folk møtte, mellom andre eg, for å høyre på folka frå Flamme; Nils-Øivind Haagensen, Bendik Wold, Monica Isakstuen Stavlund og ein vikar, Anders T. Andersen.

Temaet var, frykteleg nok, døden, nærare bestemt: Å miste ein far.
Det var heilt forferdeleg. Det hjelpte ikkje at vinen blei gratis. Inni heile kroppen var ei stor, skummel kjensle som gjorde det vanskeleg å puste. Særleg når Monica Isakstuen Stavlund las sine veldig fine, veldig sterke, veldig forferdelege dikt om farens død frå den siste boksingelen i singelrekka, Sånn, borte.

Eg siterer det Flamme sjølv siterer frå eitt av dikta som heiter en som ennå ikke vet.

du skal dø i dag
visste du det?
nei
du visste ikke det men i morgen
vet vi, da skal telefonene ringe, den blå hos mamma
den røde i lomma mi, den grønne ved siden av pc-en til den
minste broren min, den jeg ikke husker fargen på som ligger
på puta til den sovende største broren min
og alle de sorte grå, sølvfargede telefonene til de andre som
heller ikke visste det, og for hver av dem som ringer
dør du igjen og igjen og
igjen

(...)

I tillegg las Bendik Wold frå singelen JFK jr. med dikt av Dennis Cooper, som han sjølv har gjendikta, Nils-Øivind Haagensen las frå Drit i døden, her er Dan Turèll, som han og Wold har gjendikta, han las også eit dikt av Dylan Thomas og ei gjendikting frå Olav H. Hauge, men kven som var gjendikta klarer eg ikkje å kome på i farta. Og så las Anders T. Andersen John Erik Rileys singel Hemmelige tjenester.

Og etterpå blei det fest på Soria Moria. Fin kveld. Fin og fæl.

HER er eit anna innlegg om denne kvelden, med bilete. Frå bloggen til Anne Viken. Og HER kan de lese kva den ferske Flammeforfattaren Monica Isakstuen Stavlund sjølv skriv om kvelden og singeldebuten.

4 kommentarer:

Monica sa...

Takk for inspirasjon til å endelig komme i gang med egen blogg. Din er jo et HAV å strekke seg etter ;) både når det gjelder omfang og kvalitet, men jeg må begynne et sted, ikke sant? Jo. Det er sant.
Vi snakkes :)

Aina Basso sa...

Å, berre hyggeleg! Og så hyggeleg! Eg ser fram til å følgje din blogg! Lykke til :)

Anonym sa...

Fint og fælt var ei god overskrift! No har eg fått to nye bloggar å lese!

Aina Basso sa...

Hehe, takk for det. Eg synest det er ei overskrift som stemmer bra med innhaldet, iallfall for min del!