5. november 2008

Eg har teke oppvasken

utan å synge, men med gjenknipne kjevar. Det tyder kanskje på at eg er litt spent på å skulle reise avgarde i morgon. Men det blei likevel ikkje ein oppvask fri for musikk.
Inne i hovudet song Hanne Hukkelberg A Cheaters Armoury og det var veldig fint.
Eg har igrunnen som oftast ein song i hovudet, når eg tenker meg om.
Eit eller anna eg assosierer med noko eller nokon, eller ein song eg har lytta ein del til i det siste.
Av og til kan det få pinlege følgjer. Som viss eg snakkar med ein person, og bryt ut i ein song som viser seg å ha ein svært talande tekst. Eit bodskap eg aldri ville formidla medvite.
And then I go and spoil it all by saying something stupid like I love you, til dømes.
Den er fin å bryte ut i på feil tidspunkt.

På golvet ligg kofferten nesten ferdigpakka, på badet er toalettveska nesten klar.
Eg har lagt fram reiseantrekk, boka mi ligg på bordet med bindersar og små blyantkodar i.
Og om litt skal eg gå til sengs og lese Å skrive kjærlighetsbrev, ein ungdomsroman frå ein av dei andre haustdebutantane, Elen Fossheim Betanzo. Men på turen er det Jan Roar Leikvoll som skal vere med. Eit vintereventyr i veska.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Godt å vite at det ikke er bare jeg som synger og traller i tide og utide. ;)

God tur!

Avil sa...

Dette blir berre kjekt. Gleder emg til å sjå deg.

Aina Basso sa...

Takk for det, Elin!

Eg gler meg til å sjå deg, òg, Kristine! Og det blir heilt sikkert kjekt.

.... sa...

Alt godt til deg, eg er glad for at eg får vere med - i veska:-)

Aina Basso sa...

Alt godt til deg, òg, jay arrrr ;)