1. oktober 2008

Sagaen om ein fordrukken prest

"Endelig sto presten på prekestolen."

Ein særs amputert lesesirkel blei halde i går på Olympen. Månadens bok var Gösta Berlings saga, debutromanen til Selma Lagerlöf, som kom ut i 1891.

Gösta Berlings saga er, som namnet tilseier, ein saga, om enn ikkje i strengt tradisjonell forstand. Boka består av fleire forteljingar om folket rundt Löfvens sjø i Värmland i første halvdel av 1800-talet, sentrert laust rundt den fordrukne presten og forføraren Gösta Berling, og hans like, dei festglade kvinnebedårarane, kavalerane på Ekeby.

Ifølgje Wikipedia kan m.a. dette seiast om sagalitteraturen:

"Sagalitteratur (fra norrønt saga, flertall sögur = fortellinger) er diktning og fortellende historie fra oldtidens Norden, spesielt Norge og Island, men også fra andre steder innenfor de norrøne områdene. Sagalitteraturen som i stor grad bygger på muntlig overleverte fortellinger, ble skriftfestet mellom 1120 og 1400-tallet. (...) Sagaskrivningen var ikke bare realistisk og faktisk historieskrivning, men også en dyrkelse av høviske idealer om hvordan menn og kvinner skulle opptre."

Selma Lagerlöf (1858-1940) var sjølv oppvaksen i dette distriktet i Värmland, og det verkar sannsynleg at historiene ho nedteiknar i Gösta Berlings saga bygger på forteljingar ho sjølv er blitt fortald av sine foreldre eller besteforeldre, om alle dei forunderlege hendingane som skjedde då besteforeldra var unge og kavalerane regjerte på Ekeby.

Lagerlöf livnærte seg som lærar, fram til ho slo gjennom som forfattar i 1895. Ho mottok Nobelprisen i litteratur i 1909, og er kanskje særleg kjend for Nils Holgersons forunderlige reise og Jerusalem.

Eg er glad eg las denne boka, sjølv om det gjekk noko trått innimellom og eg skumma ein del av dei mest moraliserande, religiøse og naturromantiske partia. Der er mykje interessant om skikk og bruk på 1820-talet i Sverige og mange spennande og fine forteljingar (om ein liker slikt, noko eg berre til ein viss grad gjer). Dette er nok ikkje min favorittsjanger, men eg trur likevel eg skal prøve meg på litt fleire bøker av Selma Lagerlöf. Kanskje rett og slett Jerusalem.

Eg vil elles tilråde Mårbacka III, Dagbok for Selma Ottilia Lovisa Lagerlöf, som er ei særs sjarmerande dagbok frå Selmas fjortande år.

Ingen kommentarer: