7. oktober 2008

Forunderleg Flytårn

Eg har lese Mette Karlsvik si andre bok, Flytårn, som kom i fjor.

Forlaget skriv om boka:

Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølv, og dei som trufast blir igjen – og blir sjuke.

Då isen forsvann, kunne steinalderfolket bu der dei ville og ikkje der dei måtte. Dei busette seg i eit sund mellom fire øyer, og fekk både lun hamn og tilgang til ope storhav. Langt seinare kom flyplassen til byen. Flygeleiaren har utsikt frå buplassen i vest, mot jaktstaden i aust. Han har gode kunnskapar om meteorologi, geografi og samfunnsmessige tilhøve i området. Han får familie. Ser dei kvarandre?

Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølve. Andre er så trufaste at dei blir sjuke av det. Det er også ein måte å fare på.

Dagsavisen hadde i si tid ei veldig god melding av denne boka, som eg igrunnen kan seie meg ganske einig i. Ho kan lesast HER. For eiga rekning kan eg seie at Flytårn er svært metta prosa, forunderleg, uutgrunneleg, uforståeleg, forståeleg. Det er ei krevjande bok å lese, ikkje fordi ho er lang, men fordi kvart ord er nøye utvald, gjennomtenkt, står der fordi det skal stå der.

Som meldaren i Dagsavisen skriv står det vel så mykje mellom linjene som på dei, det er som "ein dokumentarfilm som klipper raskt frå scene til scene, og let kvart fragment innehalde akkurat så mykje, eller helst lite, informasjon som det må for å gi meining."

Etter mi meining er ikkje berre Mette Karlsvik forfattar, ho er kunstnar.
Her er eit lite utdrag frå boka.

Vesle-Stine og Stine finn ein buplass. Dei får mat, ly og mensen attende, og blir gravide. Ei celle blir til foster og Stine til eit sirkeldiagram som viser fordelinga av organiske materiale i høggravide kvinner. Dei er meir vatn enn andre. Havet har større verdiar enn storfisk og olje. Det kan ta kva form som helst

3 kommentarer:

kristine sa...

Nå får jeg ennå mer lyst til å lese Karlsvik i lesesirkelen.

Lille søster sa...

Hørtes interessant ut. Har bare lest debutboka hennes. Hun kommer jo ut med en ny bok i disse dager også.

Aina Basso sa...

Kristine:
Ja, eg trur det hadde vore interessant. Eg har jo lese debutboka ein gong før, men det hadde vore artig å lese henne igjen og diskutere med sirkelen.

Lille søster:
Ja, Pol kjem vel no i oktober, så vidt eg har forstått. Har høyrt henne lese frå ho. Veldig flott, rytmisk. Jf. innlegget til Oda Bharfot.