14. oktober 2008

Endå ein første gong

Det har vore mange første-gongar det siste året:

- eg blei anteken, det skjer jo oftast berre ein gong, iallfall for dei fleste
- eg var med på heile prosessen frå manus til bok for første gong
- eg las offentleg frå mi eiga bok for første gong i sommar
- eg debuterte
- eg var med på mi første lansering og min første forlagsfest
- eg heldt mi eiga bok i handa for første gong

Og no, 15. oktober 2008, søker eg Statens kunstnarstipend for første gong.

Det vil seie, om eg skal vere heilt nøyaktig, søker eg både Statens kunstnarstipend og Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres fonds for første gong. Og eg søker om det meste av det ein kan søke om. Arbeidsstipend, så klart, både vanleg og for yngre kunstnarar under 35 år. Eg søker også Diverse stipend; reisestipend, materialstipend, etableringsstipend, mv.
Eg har ikkje aning om eg har nokon sjans til å få noko, men eg håper eg får litt iallfall.

Uansett er det ein ny milepæl. Endå ein første gong, i eit liv med uendeleg mange første-gongar.
Det er ikkje alle som er like kjekke. Som å betale det første avdraget på studielånet. Men det er no ein milepæl, det òg. Og verdt å hugse for ettertida. Eller?

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Håper du får! Jeg har søkt nesten hvert år, og har fått etableringsstipend en gang, men ikke arbeidsstipend, som er det jeg helst vil ha.

Aina Basso sa...

Ja, det er klart, det er vel det alle aller helst vil ha. Men etableringsstipend er jo bra, det òg!