5. oktober 2008

Ekstasar i posten

Eg har tidlegare postulert at det aller kjekkaste som finst er å få bokpakkar i posten. Eg påstår framleis dette, men vil modifisere utsagnet noko. Det verkeleg aller kjekkaste som finst er å få signerte bokpakkar i posten, sendt til deg av forfattaren sjølv!

I dag fann eg den vanskelege andreboka til Øystein Vidnes i postkassa.

Eg har tidlegare skrive om førsteboka hans, Bondeforteljingar, som eg likte godt, og kome med utdrag frå denne. No står altså Ekstasar for tur.

Samlaget skriv følgjande om boka:

Tenk deg at det innestengde sinnet du går rundt med plutseleg blir til ein uventa fryd. Tenk deg at du vaknar ein morgon og endeleg forstår korleis du skal bli kvitt det absurde skjeret som ligg og kviler over alt i hop. Ekstasar er ei medrivande forteljing som ikkje handlar om å finne seg sjølv, men derimot ein heilt annan.

Ekstasar er også ei forteljing om mange ulike gleder. Den kjensla som uforklarleg dukkar opp frå bak den presenningsdekte byggeplassen du nett passerte. Møter med menneske som verkar vakrare og vakrare jo meir dei gir deg å drikke. Ein tur på fjellet tidleg om morgonen. Kjensla av å få sagt det du ikkje kan sitje og halde kjeft om lenger. Ein blodig biff midt på natta. Eit hus der det er plass til alle.


Eg har venta på denne boka i nokre veker, og har motstått lysta til å låne henne på biblioteket, i påvente av den noko langsame postgangen frå Berlin. Eg har nøydd meg med å leite henne opp i hyllene og smuglese, men no har eg henne framføre meg, på bordet. Og så snart eg har gjort frå meg nokre andre leseprosjekt, skal eg vie meg fullt og heilt til ekstasane.

Øystein Vidnes er for øvrig snart aktuell med gjendiktingar av nokre lange dikt av Fernando Pessoa. Dei kjem etter planen ut på Flamme forlag til vinteren.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Du er jo verkeleg på ei lesebølgje for tida, ser eg, ønskjer deg lykke til med ekstasar-lesinga!

Pessoa-omsetjinga har blitt utsett til vinteren. Tekstane er klare, men er ikkje heilt ferdig med ekstramaterialet.

Aina Basso sa...

Takk for det! Ja, her suser det avgarde. Glupsk, veit du.

Fint du seier ifrå om Pessoa-omsetjinga. Skal endre det i innlegget.