28. oktober 2008

Eg er sjuk og blir oppmuntra av Flamme og Giske mållag


Det er ein av desse dagane der du tenker at i dag er det berre ikkje særleg godt å vere i live.

Du vaknar klokka halv sju og hostar i to timar før du ringer til jobb og kvekkar fram at du nok ikkje er i stand til å kome i dag, det høyrer ho i andre enden godt, du hostar eit kvarter til før du sovnar. Du drøymer om mat, om motorsykkelturar over motorvegsbruer i USA i strålande solskin, medan du kliner med sjåføren, litt meir om mat, denne gongen blir du tilrådd å besøke eit steakhouse down the road for det lugubre motellet du og motorsyklisten har teke inn på, for den næraste skikkelege restauranten ligg heile tre timar unna, anten i Charmaine eller like utanfor New Orleans, anten eller, men motorsyklisten har ete Wasa frukostknekke med tubeost og er ikkje svolten, faktisk er han også blitt sur, han seier du kan stikke ut og finne noko å ete sjølv, du prøver å ikkje starte ein krangel, men ute er det bekmørkt og du aner ikkje kor du skal dra.

Du vaknar.
To varme rundstykke og ei kanne te seinare kjenner du deg som ein vinnar.
Flamme skriv epost og fortel at det er du som er den heldige vinnaren av konkurransen om to konsertbillettar til Joan as Police Woman, sjølv om du ikkje har svart rett, faktisk svarte ingen rett, men du blei trekt ut av bunken, og kva kan passe betre på ein dag som denne enn å vere ein vinnar? Dei oppmuntrar også ved å sende invitasjon til lansering av to nye bøker + vinterfest seinare i veka, og når du på toppen av det heile blir tildelt målprisen frå Giske mållag, er det ikkje så ille å leve likevel. Trass i redsla for at lungene snart skal bli hosta ut av sjølve kroppen.

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Dobbelt gratulerer! Og god bedring.Jeg synes det er godt å drikke varmt vann med sitron og nellikspiker når jeg hoster.

Hilde sa...

Gratulerer! Så utruleg bra, og så godt å få slike gledelege nyhende akkurat i dag :)

Aina Basso sa...

Lille søster:
Takk og takk! Eg har ikkje nellikspikar. Har folk vanlegvis slikt i hus utanom julesesongen? Og eg kan jo ikkje gå på butikken, då målet er å halde meg inne og varm og vere lur og bli frisk.

Hilde:
Ja, ein treng litt gode nyhende! Viss eg skal vere heilt ærleg var det berre konsertbillettane eg vann i dag, dei andre beskjedane fekk eg tidlegare i veka, men eg tek dei til meg i dag, og kjenner korleis dei bidreg til å gjere livet godt å leve :)

Lille søster sa...

Ha ha! Nei, det er kanskje mye forlangt at du har nellikspiker i huset:)

Aina Basso sa...

Hehe, ja, kanskje. Men eg trur eg har sitron. Så halve rådet kan eg jo ta!

Anonym sa...

Hurra! Kva kjentes best: Å vinne pris for målbruk eller å bli trukke ut av ein bunke feil svar?

Aina Basso sa...

Nei, no spør du så vanskeleg. Begge delar var kjekt!

Jørn Roeim sa...

Gratulerer med målprisen!