30. oktober 2008

Det var plantane, ikkje dessertane

Det er kjekt å vinne.
Likevel plar eg ikkje delta i konkurransar. Eg vinn jo aldri noko likevel. Slik er det blitt.
Men slik var det ikkje før.

Det var alltid eg som vann den finaste kålhovuddokka på bedehusbasaren. Det var alltid eg som gjekk heim med ein halv gris under armen, eller med potetgullposen frå tombolabordet.
Eg vann og vann. Eg vann så mykje at det i ettertid er rart eg ikkje blei diskvalifisert frå å delta. Eller lynsja av dei andre småjentene.

Så ein dag stoppa det.
Det byrja med at eg vann ein stygg bordlampe på basaren. Eg ville ikkje ha lampen, eg trengte han ikkje, så eg gav han til mamma, utan å tenke meg vidare om.
Og då var det gjort.

Først etter at eg hadde gitt han vekk, opplyste mamma meg om at ein ikkje skulle gi bort noko ein hadde vunne, for då gav ein bort sjølve vinnarlykka med det same!
Å, fortvilinga!
Eg prøvde å ta lampen tilbake, prøvde å omgjere gåva til eit lån, sjølv om det ville bety at eg var ein givar-attetakar, men det var for seint.
Ei lang rekke mørke år følgde.

Femten år seinare, Oslo, www.flammeforlag.no.
Flamme utlyser ein konkurranse om to konsertbillettar til den for meg ukjende artisten Joan as Police Woman. Eg hiv meg på, eg gjettar i vilden sky, eg har inga tru på at eg skal vinne - eg vinn jo aldri!
Men så, ei veke seinare, kjem det dettande ein epost inn i innboksa mi.

Gratulerer, står det, du har vunne! Du har ikkje akkurat svart riktig, men då det utruleg nok ikkje var nokon som klarte å svare riktig, ingen som klarte å gjette at det var plantane sine Joan as Police Woman sakna mest på turneen, der ho sat i bussen, stod på scena, låg i senga, sat ved bordet, måtte vi berre trekke ut nokon. Og den vi trekte opp av hatten - var deg!

O lykke. Og eg som trudde det var dessertar ho sakna mest.

Onsdag 29. oktober, ca. kl. 22, John Dee, Oslo.
Ei vakker kvinne, ein trommis og ein bassist entrar scena.
Vi har funne oss kvar våre glas, vi har funne ein stad med utsikt til scena, vi er klare.
Og når Joan opnar med å innrømme at det er ho som er gud, at det er ho som har gjort slik at den første snøen kom i natt, medan dei køyrte turnébussen inn mot byen, berre for å gjere det litt vanskeleg for seg sjølve, fordi ho er så glad i snø, og ho dreg i gong med den såre, raspande, vakre røysta, er publikum fanga.

Takk gud, for at du er Joan as Police Woman, kviskrar dei,
og klemmer litt ekstra hardt rundt kjærasten sin.

6 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Veldig fint innlegg (som vanlig). Og takk for å bli gjort oppmerksom på en interessant artist. Det ga meg for det første en god julegaveidé, men hun er kanskje noe for meg også.
Nydelig bilde, forresten. Det skulle jeg gjerne ha tatt.

Aina Basso sa...

Takk for det, TM.
Ho her gjer seg nok under mange juletre.

Lille søster sa...

Det var godt at vinnerlykken kom tilbake! Jeg visste ikke at man ikke må gi bort noe man har vunnet. Som barn vant jeg alltid kaffeposer, aldri noe annet. Og selv om jeg ga dem bort, vant jeg likevel alltid kaffeposer. Helt til jeg begynte å drikke kaffe selv. Da sluttet jeg å vinne kaffeposer. Eller kanskje jeg bare sluttet å ta lodd.
Tror jammen jeg skal sette på Joan as a Police Woman.

Aina Basso sa...

Ja, ikkje sant!
Kanskje flaksen er i ferd med å snu?

Anonym sa...

Nå ble jeg nysgjerrig... Jeg får finne noe musikk av damen og se om det er noe som passer. Ut fra beskrivelsen din, vil det være det...

Aina Basso sa...

Det er skikkeleg "smooche"-musikk, if you catch my drift. Perfekt å stå og svaie til saman med ein kjærast. Veldig roleg, veldig amerikansk, litt åttitals i uttrykket. Ho har ei nydeleg stemme, men det eg kanskje saknar er litt meir brodd. Det er veldig fint, men kan nok bli litt kjedeleg i lengda. Eg liker betre litt skakkare popmusikk.