5. oktober 2008

Det er forfattaren sjølv det gjeld

For ein gongs skuld har eg bomma skikkeleg. Eg tok med altfor lite lesestoff til helgeturen heim. Då flyet landa på Vigra hadde eg nesten lese ut En rekke avbrutte forsøk, og eg var ikkje særleg glad for akkurat det, for denne boka skulle eg likt å ha lese på litt lenger.

Det heile byrjar med at Selma Lønning Aarø (heretter kalla forfattaren) bestemmer seg for å skrive ein sjølvbiografisk oppvekstroman, stort sett sannferdig fortalt. Ettersom denne uunngåeleg vil ramme familien hennar, bestemmer ho seg for å gjere det på den einaste reale måten, nemleg ved å lese opp kapittel for kapittel for familien medan ho er på ferie i barndomsheimen saman med mann og barn. Og allereie her byrjar det å bli trøbbel. Forfattarens mor er nemleg slett ikkje einig i versjonen forfattaren serverer av fortidas hendingar. Ho får også oppdage mykje ho ikkje verken visste eller liker å få vite, og etterkvart blir dei tidvis nokså drøye avsløringane for mykje for både forfattarens mor og til slutt også ektemann og son.

Handlinga er lagt til slutten av 1970-talet og 1980-talet på Stord. Forfattaren veks opp i ei kristen fråhaldsfamilie, men sjølv tek ho ikkje dei tinga der så nøye. Iallfall ikkje det med fråhaldet. Eg burde kanskje ikkje seie dette, men eg kjende meg veldig godt igjen i mykje av det som blir skildra. Det er nok difor eg lo høgt både på flytoget, flyplassen og sjølve flyet. Noko eg aldri plar gjere. Det var nok fordi det er så forfriskande å lese ei kvinneleg oppvekstskildring, for ein gongs skuld. Det er jo nesten så ein skulle tru mannfolka har einerett på dei.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Nå fikk jeg nesten litt dårlig samvittighet fordi jeg ikke sa fra til deg hvor raskt den boka lar seg lese. Jeg tenkte nemlig på det da du nevnte reiselektyren din, at jeg selv leste den boka ut på en ettermiddag ifjor… På den annen side passer den jo godt på reise, lettbeint og kjapp. Selv syntes jeg nok den var i overkant lettbeint, hun kunne gått mer i dybden, syntes jeg. Men grei underholdning var det jo.

Aina Basso sa...

Hehe, det treng du ikkje ha! Eg var blitt åtvara. Men eg plar alltid ta med altfor mykje, så eg tenkte at denne gongen prøver eg meg med berre ei. Og det må jo seiast at eg aldri er i beit for lesestoff på Giske, noko eg kjem nærare tilbake til i eit anna blogginnlegg.

For lettbeint? Tja, det spørst kva ein ventar seg. Eg venta meg nett det, morosamt, underhaldande og gjenkjenneleg om oppvekst på bygda. Og det var akkurat det eg var ute etter. Så eg er definitivt nøgd!

Synline sa...

Jeg har ikke lest noen av Lønning Aarøs bøker ennå, men fikk skikkelig lyst etter å ha lest din begeistrede bloggpost.

Likte godt de små tekstene hun hadde (har?) i Dagbladet i allefall.

Anonym sa...

Jeg er veldig glad i Selma, men ble litt skuffet da jeg leste "En rekke avbrutte forsøk". Halve boka har nemlig tidligere vært utgitt, da som "Fortvilet kreps 72" (kun oppvekstskildringene der, utgitt som "lettlestroman", men det er nøyaktig samme historier). Liker ikke helt at hun tjener penger på å skrive det samme to ganger. Men kanskje det bare er meg som er rar..

Aina Basso sa...

Åja, det visste eg ikkje. Kanskje ho ville nå ut til eit større publikum med tekstane?

Morosamt var det, iallfall!

Aina Basso sa...

Sitat frå intervju med Selma Lønning Aarø i Haugesunds avis:

"I 2005 utga hun på Gyldendal en lettlest roman for voksne, "Fortvilet kreps 72", med Madonna og andre 80-tallsikoner som bakteppe.

– Egentlig har jeg bygd ut den boka. Er litt spent, om den er for intern eller morsom for andre."