11. september 2008

Nittensekstifire

Ragnar Hovland er kanskje lei av å vere morosam, men han legg då jammen opp til det sjølv.

Eg har lese den siste romanen hans, 1964, som forlaget skriv følgjande om:

Hovudpersonen i romanen er blitt like gammal som Bert Bobsey, den eldste Bobsey-tvillingen. Rundt han og familien skjer det dramatiske og kvardagslege ting, mystiske sekter gjer seg gjeldande, verda blir som ny, og draumar blandar seg med røyndommen. Sommaren 1964 blir den lengste i manns minne, brått skjer eit uforklarleg dødsfall, og mangt tyder på at året 1964 aldri skal ta slutt.

Dette er ei utruleg morosam og velskriven bok. Eg har flirt høgt fleire gongar medan eg har lese, nokre gongar nesten motvillig, fordi eg har vore for trøytt til å ha det så morosamt. Noko av det aller mest morosame er sjølvsagt det språklege. Det er sjølve setningsoppbygginga til Hovland som får meg til å le, ofte meir enn det som står der. Rettare sagt: Det er samanstillinga av heilt vanlege ord, daglegdagse uttrykk, på ein ny og overraskande måte. Aldri fiffig eller tilgjort, men balansert, gjennomtenkt og treffande.

Av episodane i boka, er det nok når kameratane (eg, Erling og prestesonen) leikar at dei er besette av vonde ånder eg flirer mest. Eller av alt som har med katten Bobby å gjere, og sjølvsagt med den overintelligente veslebroren på seks år, som seier ufatteleg mykje veslevakse og gjennomtenkt.

Hovland må gjerne vere lei av å vere morosam, men eg håper han ikkje sluttar med det, for det.

Ingen kommentarer: