14. september 2008

Mange melankolske menneske

Dag og Tid har ei fast spalte dei kallar Overflatisk, der forfattarar og andre litterære folk blir intervjua på ein overflatisk måte. Svara blir gjerne gitt i ein lettbeint og humoristisk tone, ofte med eit ironisk drag. Spørsmåla er lette og vanskelege, mellom anna blir intervjuobjekta spurt kva dyr dei liknar, kva som er norsk kulturlivs største sorg og når dei sist var melankolske.

Og det er dette eg vil seie noko om. Det melankolske. Dei aller fleste, ja, faktisk alle eg har lese, svarer at dei ikkje berre ofte er melankolske, men gjerne at dei var det sist i går kveld, eller endåtil er det medan dei svarer på spørsmåla. Melankolske menneske, altså, dei fleste.

Kva er eigentleg melankoli? Eit søk i nynorskordlista gir følgjande svar:

melankoli' m1 (frå gr, av melas, gen. melanos, 'svart' og kholos, khole 'galle', ettersom ein trudde svart galle var årsak til melankoli) tungsinn, svartsyn

Svartsyn, altså. Det høyrest ikkje så koseleg ut. Men ein skal ikkje stikke under ein stol at det er ein vanleg tilstand.

"En av urmytene om det kreative geniet er at vedkommende er melankoliker: Ut av svartsinnet kommer de største kunstverkene, har man tenkt seg", kan ein artikkel frå nrk.no fortelje.

Ein bør altså helst vere litt melankolsk. Er det då berre eg som synest melankoli høyrest litt klissete ut? Det er ikkje det at eg ikkje er melankolsk. Det er eg heilt sikkert. Eg liker berre ikkje å seie det til nokon. Viss nokon spør ville eg nok heller ha sagt at eg var litt tung i går, litt trist, kanskje, litt lei. Men melankolsk? For meg er det eit trist ord med sukker på. Og triste ord med sukker på kan eg styre meg for.

Eg las eit gammalt BT-intervju på nettet og syntest ein av dei intervjua sa noko bra om melankolien:

"Det melankolske og sentimentale er tilbakeskodande. Eg er meir interessert i det utopiske, i å sjå framover, seier Øystein Vidnes."

Ja, korfor ikkje.

2 kommentarer:

Astri Ulland sa...

'verda flimrande utanfor innanfor overalt inni deg inni meg på skjermar i hovud tankane trafikken lydane luktene eit drag som stryk seg inntil deg flimre flimrande flimrar'

Dette fine diktet lå på slutten av feed-versjonen av innlegget ditt, jeg putter det tilbake her, jeg.

'Triste ord med sukker på' - nydelig uttrykk!

Tror jeg må følge med her, framover.

Aina Basso sa...

Så hyggeleg, Titta! Og så hyggeleg med ein ny lesar!