2. september 2008

Apropos debutantar

så var eg på Cappelen Damms lansering av Signaler 2008 på Last Train i kveld.
For dei som ikkje kjenner til Signaler frå før, så er dette altså ein antologi beståande av halvt om halvt med tekstar frå debutantar (som altså debuterer med teksten sin i denne antologien) og frå inviterte, etablerte forfattarar. I år er Marit Kaldhol, Johan Harstad og Beate Grimsrud blant dei inviterte.

Det var eit kjekt arrangement. Eg spotta Bharføtte Oda der, så det kjem kanskje eit innlegg frå henne også etterkvart, og det mest verdslege høgdepunktet var kanskje gratis drikkebongar til dei snille frammøtte lyttarane.

Det var ikkje alle bidragsytarane som las opp. Nokre debutantar overhøyrte eg avslå rett før arrangementet starta, men fem av debutantane las og tre av dei inviterte forfattarane. Dessverre var det ingen av debutantane som trefte meg så veldig. Det er mykje lik og riktig skriving ute og går om dagen, og eg fann ikkje tonen som skurrar i deg.

Dei etablerte, inviterte likte eg godt. Særleg Marit K, men eg er kanskje litt inhabil der.

Eg har fått meg eit eksemplar av boka, og gler meg til å setje meg og lese. Eg reknar med det er eit par stemmer der som vi vil høyre meir av i tida som kjem.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Nei, jeg kommer ikke til å blogge det. Har terningkastet 2 for innhold og 3 for framføring på twitter, det får holde. Syntes det var et uvanlig dårlig Signaler-arrangement, med Marit K som strålende unntak.

Skal nok kikke på boka likevel, når den kommer på biblioteket. Det kan jo hende de som ikke leste opp var bedre enn dem som gjorde det? Lurte på hvorfor så få leste, om de vegret seg eller om bare noen få ble utvalgt. Hvis de avslo var det vel litt dumt, både for oss og dem? God trening å lese et sted hvor du ikke er eneste attraksjon, tenker jeg.

Aina Basso sa...

Eg trur dei som var der av debutantar fekk tilbod om å lese, men mange takka altså nei. Det er jo forståeleg, men likevel synd. Det treng ikkje ha vore dei beste tekstane som blei opplesne.

Glad du også likte Marit K! Eg likte også han med det vanskelege namnet. Mashan eller noko slikt? Likte at fordi han hadde ein sterk aksent, fekk dei norske orda andre tydingar når ein høyrte dei uttalt, før ein skjønte kva ord han faktisk uttalte.

existential cowboy sa...

Mazdak, meiner du? I så fall er det bare å lære seg det namnet først som sist.

Elles er eg ueinig med Oda, eg synest det var eit bra nivå på signalerfolkene i år.

Aina Basso sa...

Ja, Mazdak! Eg har nesten lært meg det, no. Prøvde å google han, men når eg var såpass på villspor var det ikkje så lett.