1. august 2008

Tog

I dag skal eg reise med tog igjen.
Eg skal reise i Solstads skinnespor, men gå av nokre stopp etter hans heimby Sandefjord, i Larvik. Eg skal tenke på det Solstad skriv om landskapet toglinja går gjennom, at det må vere det mest keisame han har sett. Til trass for at kysten ligg så nær. Og eg skal lese bok, og nyte stillstanden på reisa.

Brokkar av minne frå togturar hylla i rosa nostalgi.
Det sterkaste minnet: Å sitje på toget gjennom Tyskland, på min aller første (og hittil einaste) interrailtur, saman med ein kjærast eg var veldig glad i, og lytte til Goldfrapp, Utopia.
Transane som kom på i Rotterdam, på toget mellom Amsterdam og Paris. Den kvitt opplyste vogna med liggestolane, umulegheita av å sove. Eller toget mellom Bologna og Firenze, i morgonsol. Toget mellom Nice og Roma, då vi kun hadde lunka øl å drikke, fordi alle franc´a våre var oppbrukte, og eg imponerte nokre hollandske gutar med å seie den einaste hollandske setninga eg kan: Ben je geek? (Er du gal?)

Ein gong skreiv eg ein songtekst om å reise med tog. På engelsk.
Eg trur alle songtekstar eg nokon gong har skrive har vore på engelsk. Hadde det blitt plate med den songen den gongen, måtte vi lagt på lyden av tog på skinner. Det hadde blitt fint.

I always loved
to ride on trains
the sound of the tracks
I always loved trains
the world
flickering by

Songen heitte A Thousand Cities, og handla om å lengte ut og vekk, frå der ein var og den ein var saman med. I teksten ventar ho til kjærasten søv, før ho snik seg fram under dyna og listar seg stilt over golvet.

I hear the call of a thousand cities
I open the door
in silence

Ingen kommentarer: